Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Snille og gavmilde FK Vang donera bort poeng..

Publisert 29/08/2006

Dokka Sport 4-1 (1-1) FK Vang

1-0 35 min
1-1 44 min Anders (Dude)
2-1 64 min
3-1 68 min
4-1 84 min

Hovuddommar: Magnus Lundberg
Ass.domar: Ivar M. Jahr, Per M Jacobsen

Trur nok at så gavmilde og snille som me var i denne kampen har nok ingen av oss vore før, med regelmessige unnatak 24 desember då sjølvsagt.
Det vart ein tafatt og svak forestilling. Dokka ville mest og kriga best (me kriga ikkje, desverre)i starten av 1. omgang. Men det skulle gå heilt til det 35 min før det vart mål. Då scora Dokka på eit litt hardt idømt frispark frå 16 meteren. Etter dette skjerpa FK Vang seg og spela rimeleg bra siste 10 min av omgangen. Dude var spesielt aktiv og herja med venstre sida til Dokka. Målet var det klasse over. Dude dempa herleg ballen på midtbana, drog av 3 spelarar og la ballen ut 45 grader til Anders som putta i lengste hjørnet. Nydeleg.
Dei 12-13 første minutta av 2.omgang fortsatte me der me slapp i 1-omgang. Me spelte ball og pressa høgt og skapa nokre kjempesjansar. Bl.a. ei heading fra 4 meter som gjekk hårfint over. Så scorar Dokka etter ein feilpasning. Så scorar dei etter nok ein feilpasning. Spelet jamnar seg ut, men Dokka Sport lagar eit mål til i slutten av kampen.FK Vangs desidert dårlegaste kamp er heldigvis unnagjort. Heldigvis har me 2 treningar til før neste kamp mot Follebu. Ein fortent siger til Dokka Sport, sjølv om mange av måla deira kom som følge av feilpasningar fra FK Vang, og ikkje blendande angrepspel.Tippar at Dokka sport har spela mange kamper som er bedre enn dette i år.

Spelararne kåra Ola Magne til dagens mann, fulgt av Dude og Muhammed. Synest og at Kai A Sandhaugo gjorde ein god figur når han kom inn.