Poengdeling i toppkamp
Publisert 29/08/2006
FK Vang 3-3 (1-1) Follebu
1-0 6 min Dude (Kai A Kvale)
1-1 10 "
2-1 54 " Jabir
2-2 64 "
3-2 66 " Dude ( Kai A Kvale)
3-3 70 "
Laget: Thomas, Jon I,Anders, Gjermund, Muhammed,Dude, Ola M, Jabir, Kai A Sandhaugo, Jon T, Kai A Kvale
Reservar: Vidar, Vegard, Ola Eirik, Kim, Terje, Kai Rune (alle benytta)
Hovuddomar: Vebjørn Engeli
Ass.domar: Dag Engelund, Vegard Bjørgo Engelund
Kampen opna bra, det var relativt bra spel frå begge lag det fyrste kvarteret. Deretter sank kvaliteten på det meste. Innimellom glimta båe lag til igjen.
Innsatsen var i allefall tilbake i FK Vang laget, i motsetning til Dokka -kampen.
Litt surt å ta berre eit poeng, når ein har leia kampen 3 gonger. Sjansane var sånn nogenlunde jamnt fordelt, cornere likeså. Men som sagt fremskritt fra dei to forrige kampane.
Spelarane kåra Anders til FK Vang sin bestemann i dag.Han vart tett fulgt av Dude og Terje.
