Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Klar framgang gav 1 poeng mot Sel borte

Publisert 29/08/2006

Sel 1-1 (1-0) FK Vang

1-0 26 min
1-1 65 min Kai A Sandhaugo (Kim)

H.domar:Reza Roshan
Ass.domarar:Tore Hagelund, Vebjørn Engeli

Laget: Terje, Jonniva, Morten, Hallgrim, Muhammed, Dude,Kim, Ola E, Kai A Sandhaugo, Kai A Kvale, Jon T
Reservar: Vidar, Runar, Christoffer

Med 5 stykker ute av førsteelleveren, samt 2 av dei som skulle erstatte desse ute, så var det eit relativt nytt lag med stilte med oppi Gudbrandsdalen. Men FK Vang har ein jamn og stor stall så me var relativt optimistiske til tross. Sel har eit godt lag og er svært vanskelege å slå borte.
1. omg opna med relativt jamnt spel. Mesteparten av spelet gjekk føre seg på midtbana.
Utover i omgangen skapa begge lag 3-4 sjansar, men det var Sel som skulle få hol på byllen. På eit skot fra distanse, traff dei ein FK Vang-spelar og ballen skifta retning. Keeper, som var på veg til feil side, fekk snudd og rakk akkurat ballen. Trudde FK Vang og ein del av Selspelarane, men nei. Ballen blei dømt inne. Etter dette tok FK Vang meir og meir over, og det var derfor ein heiltent gjeng som i pausa bestemte seg for å trø enda meir til i 2.omg.
Og i 2. omg tok FK Vang kraftig over. Bevegelse, løp og pasningar begynte å sitte og Sel blei springande ein del imellom. Me skapa etterkvart nokre gedigne sjansar. 2 skot traff treverket, og 3 gonger var me aleine med keeper på 5 meters hald, men så i det 65 min. lukkast med endeleg. Kai A Sandhaugo sendte avgårde eit skot som keeper (som forøvrig redda ein del 100 % sjansar) famla i mål.Resten av omgangen pressa FK Vang på for enda eit mål, men utan å lukkast. Men alt i alt, ein bra kamp av FK Vang, der innsatsen og det gode spelet etterkvart kom tilbake.Synd at det berre vart 1 poeng i ein slik kamp, der me heilt klart hadde fortent alle 3 poenga. Kjempeinnsats av dei spelarane som no fekk sjansen. Dersom dette fortsett kan det bli moro på Tveit stadion til helga.
Spelarane kåra Kim til bestemann, tett fulgt av Hallgrim og Terje. Synest og at Ola E på midtbana og spissane gjorde ein god 2.omgang (heile laget var bra i 2.omg.)