Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Total overkjøyring

Publisert 29/08/2006

FK Vang 2 - Dokka SK 2: 27-0 (10-0)

7 er kamp på Tveit stadion søndag 27. aug. kl 13.00
Dommar: Geir Kongslien

FK Vang feirar i kveld sin største seier i klubben si 15 årige historie!!!

Det var total overkjøring frå avspark og Vangsgutane var nermare 35-0, enn Dokka var redusering. FK Vang 2 manglar 1 poeng for å ta seriemesterskapet, og Etnedal som er nermast må vinna alle sine siste kampar stort om me ikkje klarar å kapra det omtala poenget. Det er berre dei kampane med 11`er fotball som er teljande for å vinna 6. divisjon.

Laget: Thomas, Jabir, Toro, Kai Rune, Kim, Runar, Birger, Emanuel, Christoffer, Kristoffer, Vidar og Kjell Magne.

Målscorarar: Jabir 8, Kjell Magne 6, Emanuel 4, Kai Rune 3, Christoffer og Toro 2 kvar og Vidar og Runar 1 mål kvar.

Assistar: Jabir 7, Kai Rune og Kjell Magne 5 kvar, Kim 3, Birger 2, Vidar, Thomas, Toro og Christoffer 1 kvar.

Jabir Asis vart kåra til FK Vang sin beste spelar tett fulgt av Christoffer og Kjell Magne.

Neste kamp for andrelaget er burte mot SAFK Fagernes 2, måndag 4. september kl. 19.30. Møt opp og sjå gutane, kansje klarar dei det omtala poenget og kan spretta champissen.