Bra spel men tap....
Publisert 04/09/2006

SAFK 2 4-0 (0-0) FK Vang 2
Dommar: Svein Olav Fossholt
Laget: Thomas, Jonniva, Osvald, Stein Ivar, Runar, Kim, Ola Erik, Kai A Sandhaugo, Vegard, Emanuell, Christoffer
Reserver: Kristian, Kristoffer, Kai Rune
Det vart ein jamn kamp til eit lite stykke ut i 2.omg. I 1.omg var det ganske jamnt. FK Vang var klart best fra eigen 20-meter og til motstandar sin 16 meter. Spesielt Ola Erik og Kim var gode i den omgangen. Kai A og Vegard var og drivande på midtbana i denne perioda. FK Vang spela seg til nokre sjansar. Safk hadde dei to største sjansane i denne omgangen. (Vang hadde 4 cornere mot Safk sine 0 i 1.omgang).
Etter ei lita stund av 2.omgang var keeper litt uheldig på eit utkast. Ballen havna hos ein midtbanespelar hjå motstandarlaget, og han kunne enkelt lobbe den i mål. Rett etter fekk Fredrik stå umarkert inne i feltet og gjere 2-0. Dette var litt for lett. På 3 målsjansar i 2.omg hadde Safk gjort 4 mål; effektivt.
Men,men, spelet for 2.laget var oppløftande i periodar. Me stressa midtbana deira og var relativt presise i midtbaneleddet. Trur det var ein artig kamp for publikum, og ein kamp med svært bra intensitet til å vere 6.div.kamp. Det vart ei god treningsøkt.
Banas dominerande spelar var nok Ola Erik. Han vart og klart kåra til FK Vang sin beste spelar. Kim og Kai A fulgte på dei neste plassane.
