Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Eina/Einastrand 0-4 FK Vang

Publisert 09/09/2006

Eina/Einastrand 0 - 4 (0-3) FK Vang

0-1 4 min Kai A Kvale (Anders)

0-2 19 " Jon Terje (Dude)

0-3 23 " Dude ( Kai A Kvale)

0-4 80 " Dude (Jabir)

Laget: Terje Lauvhaug, Jonniva Sandhaugo, Anders Henriksen, Ola M V Helle, Muhammed Koroma, Dude Issa, Jabir Stimaz, Kai A Sandhaugo, Ola E H Moe, Kai A Kvale, Jon T Rying

Reservar: Thomas Gjerde, Christoffer Kvien, Kim Bøland, Runar S Gullhaug,Vegard K Egge

Domar: Mauricio Q Riquelme

Ass.domar: Svein W Kristiansen, Einar Nordmarken

Meget bra spel i periodar gav 3 poeng borte mot Eina/Einastrand.

Oppladinga var ikke den heilt store til kampen; både buss og Anders sin vesle ford var på ville vegar. Men me kom fram 20 min før kampen starta.

Det såg ikkje ut som om dårlig tid gav seg noko utslag når kampen starta. Fk Vang tok kommandoen fra start, og det gjekk ikkje meir enn 4 min før Kai A Kvale utnytta ein glipp i forsvaret til Eina. 1 - 0 til FK Vang

Bevegelsane var i periodar bra. Me hadde mange pasningsalternativ og ballen gjekk kjapt. 2-0 målet var ei perle. Ballen gjekk kjapt fra venstre mot høgre. Det var klikk-klakk mellom 5 spelarar og Jon Terje putta den kontrollert inn.

Etter 23 min var det klart for 3-0 til Fk Vang. Dude var sistemann på ballen. Han vart spelt gjennom av Kai A. Kvale.

Fra no av og ut hadde me veldig god kontroll på kampen. Det var sjeldan Eina kom opp i bana, og me var flinke til å bryte oppspela deira.

I pausen fokuserte me på å halde nullen og halde konsentrasjonen oppe.

I 2.omg måtte me vente heilt til det 80.min før me fekk scoring. Da var det Dude som skrudde ballen herleg inn i hjørnet, etter eit flott samspel med Jabir. Jabir hadde og eit skot i stolpen rett etter.

Da kampen var slutt stod det 4-0 til Fk Vang.

Spelarane kåra 3 menn til FK Vang sine beste spelarar. Det var Dude, Anders og Ola Magne Vika Helle.

Kai A Kvale og Jabir følgte tett bak.

Trenaren synest heile laget fortener ros for disiplinert og godt spel i 90 min. Men Dude sin 2.omg var svært god. Midtforsvaret med Anders og Ola Magne var og solide. Ellers jobba og spissane godt.

Neste kamp er mot Nordre Land. Det blir nok svært spennande og møte dei på Tveit stadion.