Seriemestere i 6.divisjon
Publisert 11/09/2006
FK Vang 2 er seriemestere i 6. divisjon.
Søndag skulle FK Vang sitt 2.lag ha heimekamp mot Etnedal. Det var 15 spelesugne vangspelarar som ville ut på "matta" på Tveit stadion. Med minst eit poeng mot Etnedal ville 1.plassen vera sikra!!
Kampen skulle starte kl. 13.00. Spelarar, dommar og observatør venta på at bortelaget skulle dukke opp. Venta og venta,venta og venta........
Omsider 13.25, altså 25 min etter at kampen skulle starte fekk me melding av observatøren om at Etnedal ikkje kunne møte. KVA MED Å TA EIN TELEFON OG GI BESKJED OM AT LAGET IKKJE KAN MØTE!!!. Heldigvis ikkje ofte ein opplever slike ting.
No står det att 2 kampar, mot Øystre-Slidre/Rogne og Dokka 2. Etter det blir det minimum 2 KM-kampar i midten av oktober.
