Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Uavgjort i toppkampen

Publisert 17/09/2006

1-1 og poengdeling i toppkampen på Tveit

FK Vang 1 - 1 (0-1) Nordre Land

0-1 26 min Mats Jørgenstuen

1-1 80 " Jon Terje (Jon Andre)

Dommar: Reza Roshan

Ass.dommar: Dag Engelund, Svein W Kristiansen

Laget: Terje, Jon Ivar, Anders, Gjermund, Muhammed, Kai A Sandhaugo, Jabir, Ola Magne, Dude, Jon T, Kai A Kvale

Reservar: Thomas, Vidar, Vegard, Osvald, Jon Andre

Det var møtt fram godt 100 tilskodarar for å overvære toppkampen på Tveit stadion.

Skulle FK Vang fortsette framgangen fra Eina-kampen? Nordre Land opna best, utan å spele seg til dei store sjansane. Den første halvtimen vart det for stor strekk i laget vårt og Nordre fekk spele mykje i mellomrommet. Etter ca eit kvarter måtte me bytte ut "Jonniva"; han sleit litt med ettervirkningar av influensa. Samtidig gav og Gjermund "Strekken" melding om at han måtte forlate bana. Etter 26 min var det klart for 0-1. Nordre hadde corner som vi fikk heada ut på ca. 25 meter. Der sto ein Nordre -spelar og fekk skikkeleg drømmetreff på volley. Flott mål. Me fekk komprimert avstanden mellom lagdelane og tok over etter dette. Det siste kvarterete av 1.omg trykka me på og skapte nokre gode sjanser. I pausa vart me einige om å fortsette å trykke, å nekte dei rom på midten, og å halde laget tett (lagdelane). 2. omg fortsette som 1. omg slutta. FK Vang hadde grepet på banespelet og pressa Nordre over på defensiven. Etter 15 min av 2.omg, fekk ein Nordre-spelar sitt 2.gule kort. Men det skulle gå heilt til det 80. min før me fekk hull på byllen. Jon Andre stussa eit innkast videre til Jon Terje, som fekk putta ballen i mål. Flott og veldig fortent utfra banespel og sjansar (FK Vang hadde 5 sjansar i 2.omg mot Nordre sine 2). Me skapte og nokre farlege overgangar etter dette som me desverre ikkje fekk utnytta godt nok , så kampen ebba ut med 1-1. Etter 95 min blåste dommaren av kampen. Det vart ein tett og god kamp (bana tatt i betraktning), der dommaren kom litt i fokus. Nordre brukte nok litt mykje tid på dommaren synest eg, det er sjeldan at dommarane gjer om sine beslutningar. Nordre følte seg snytt for eit mål og me følte oss snytt for eit soleklart straffe (1.omg). Det vart nerve samtlege 95 min.

Spelararne kåra Jon Andre til FK Vang sin beste spelar, tett fulgt av Anders, Dude og Terje. Synest og at Ola Magne og Muhammed utmerka seg.

No blir det spelefri neste helg. Neste kamp er på Blåbærmyra onsd. 27/9. Møt opp og sjå ein god flomlyskamp.

Tommy har trua med og vere klar til den kampen.