Årets største siger mot Vind
Publisert 30/09/2006
FK Vang 9 - 2 ( 6-0 ) Vind
1 - 0 10 min Ola Magne (Kai A Kvale)
2 - 0 16 " Jabir ( Kai A Kvale)
3 - 0 19 " Kai A Kvale (Jabir)
4 - 0 20 " Kai A Kvale (Jon T )
5 - 0 32 " Kai A Kvale (Jabir)
6 - 0 35 " Kai A Kvale
6 - 1 52 " Vind
7 - 1 65 " Jon T (Jabir)
7 - 2 73 " Vind
8 - 2 84 " Dude
9 - 2 88 " Dude (Jabir)
Laget: Terje, Jon I, Tommy, Gjermund, Muhammed, Anders, Dude, Jabir, Ola Magne, Kai A Kvale, Jon Terje
Innbyttarar: Kai A Sandhaugo, Torbjørn, Osvald, Kim, Jon Andre
Dommar: Vidar Hilmen
Ass.dommar: Rolf Å Smith, Einar Nordmarken
FK Vang tok initiativet fra start i kampen. Spesielt fra 10 min og til 30 min i 1.omgang spela me god fotball. Me scora og 5 mål i denne perioda. Tidvis etter glitrande 1-touch spel. Då gjekk ballen kjapt og bevegelsane stemte. Skal og nemnast at kapitan Tommy Tee var tilbake etter overfallet i lillehammer-kampen. Litt rusten men....det bli likar, rai rai. Kai A Kvale var verkeleg god i 1.omg, han scora 4 og hadde 2 assistar. Ekte hat-trick på 12 minuttar er bra!!!
2.omg vart så dårleg som 1.omg var god. Me donerte bort eit par mål (av den veldig lettkjøpte sorten), og spelte trangt og utan tempo. Men dei 10 siste minutta vakna me att. Torbjørn kom inn som eit friskt pust og jobba godt. Dude scora 2 gonger dei siste 10 min.
Spelarane kåra Kai A Kvale til dagens (kveldens) Vangsgut. Ein del stjerner bak kom Dude og Jabir. Eg synest og at Jon Andre (kom inn i 2.omg) og Torbjørn gjorde mykje bra (kom og inn i 2.omg.)
