Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Gjørmebryting i Land

Publisert 01/10/2006

Søndre Land - FK Vang: 3-2 (1-0) Hov Stadion 30. sept. kl. 15.00 Dommar: Einar Gjerde Asistentdommere: Trygve Syversen og Hans Foss FK Vang kåra Muhammed Papu Koroma til si beste spelar! Laget: Terje, Kai Arne S., Tommy, John Andre, Gjermund, Dude, Kim, Ola Magne, Anders, Kai Arne K. og Jon Terje. Innbyttarar: Muhammed, Vegard, Torbjørn, Christoffer og Thomas. Målscorarar for FK Vang: Dude og selvmål av ein lænding. FK Vang var før kampen med i opprykkskampen, men med tap var Vangsgutadn ute av denne. Kampen i dag bar preg av underlaget som var sleipt og gjørmette, laga var best i kvar sin omgang. FK Vang har sikra 4. plassen i avdelinga og det skal me vera storfornøygde med i vårt fyrste år i 4. div.

Søndre opna klart best mot eit litt tafatt FK Vang-lag. Dei hadde nokre farlege sjansar i byrjinga, men ein opplagt Terje tok det som kom. Så ca. 20 min ut i kampen fekk Søndre ein uhyre billeg straffe. Linjemannen vinka som en galning. Han meinte Tommy Tee hadde gjort noko uregelmessig. Dei scora på straffa. Spelet jamna seg ut no. Så litt seinare vart det på ny straffe til Søndre. Denne var rimeleg klar, men heldigvis redda Terje. På slutten av omgangen skapa og FK Vang nokre store sjansar. Pause og 1-0 til Søndre, ganske fortent då dei hadde dei fleste store sjansane og kjempa klart best.

I 2. omgang var FK Vang det beste laget. Me scora 2 kjappe mål og leia 2-1. Dude laga det første, og det andre var eit sjølvmål. På stillinga 2-1 til oss kom Jon T og Kai A aleine mot ein motstandar. Desverre var mottaket litt for dårleg på det elendige underlaget og kjempesjansen rann ut i ingenting. 3-1 her og løpet hadde vore køyrt. I staden var det søndre som scora etter ei opprulling på venstre sida. Me var vel litt stilleståande der....Etter 80 min vart det 3-2 til Søndre, igjen litt passivt. Så blir Jon T spela igjennom på blankt mål. Heilt aleine med keeper...men så vinkar same linjemannen igjen . Synd og feil. Det meinte og Søndre-benken. FK Vang pressa på på slutten , men ballen vil ikkje inn. 3-2 til Søndre vart sluttresultatet, i ein kamp der laga hadde kvar sin omgang, og der FK Vang kunne ha vunne dersom me hadde scora i dei avgjerande situasjonane.