Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Trist dag i Valdres

Publisert 04/10/2006

Dei to foreldrelause 17. årige asylsøkarane Dude Issa og Jabir Asis vart tidleg i dag henta av tre politifolk!

Dei låg og sov då politiet troppa opp på rommet deira på mottaket i Vang. Dei fekk beskjed om å pakka maks 20 kilo kvar i baggana sine.

I morgon blir dei truleg sett på flyet tilbake til Tanzania etter att dei i natt skal overnatta på Trandum mottak. Gutane har vore i Norge sidan sumaren 2004, då dei hoppa av og søkte om asyl her etter ei fotballturnering i Danmark. I Tanzania budde dei på ein heim for foreldrelause gutar i Daressalam, der det var hard kustus og vanskelege levevilkår.

Dude og Jabir er kjempegutar som mange i fotballmiljøet i Valdres har vorte veldig glade i. Dei er store talent og veldig positive for miljøet i laga dei har spelt på i Valdres. Dei har bidrege stort for FK Vang sine resultater, Fagernes sitt gutelag i 05 og SAFK sitt juniorlag i Norway Cup i sumar.

Me har heile vegen prøvd å hjølpa gutane for oppholdstillatelse i Norge, men UDI, Utlendingsnemda og Politiets Utlendingsenhet er tungbyråkratiske systemer som ikkje er lette å navigere i. Etter vårt syn har det vore slett saksbehandling for gutane, og det er det verste med heile saka.

Jomar Johansen har i dag gått i spissen for ei spontan innsamling av pengar til gutane, og har i kveld reist ned til Trandum for å ta farvel med Dude og Jabir. Takk! Jomar!.

FK Vang vil oppretta ein konto for gutane, der dei som har lyst kan bidra. Meir informasjon om dette kjem seinare!