Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Dude og Jabir / Konto oppretta i dag

Publisert 05/10/2006

Nyhendingar!! Les meir!

FK Vang har i dag oppretta konto i Vang Sparebank for Dude Issa og Jabir Asis. KONTONR.: 21464009679 Me vil senda pengar kvar månad framover, og håpar at mange vil vera med å bidra så venene våre kan få ein enklare tillverelse i heimlandet sitt. Ola Rogn Tveit i FK Vang vil administrere kontoen, og Jomar Johansen i Fagernes fotball skal ha full innsynsrett på kontoen. FK Vang vil takka dei som allerede har gjett pengar og håpar att mange andre vil gje eit bidrag!

Nyhendingar i saka og gutane sin tillverelse vil bli oppdatert på FK Vang sine nettsider. Takk så langt til alle! FK Vang hadde innsamling til gutane på Tveit stadion laurdag 7. okt. og der ga publikum 1630 kroner og 50 øre! SAFK Fagernes vil gje bilettinntekter frå kampen mot Vardal til gutane!

Nyhending! 7. oktober kl.21.30

Dude ringte meg frå Tanzania på ei noko dårleg telefonlinje, men eg forsto at han og Jabir var i saman med ein eller to i same situasjon som kom frå Sverige. Dude hadde fått låna telefon av ein av desse. Gutane hadde det etter forholdene bra, bagasjen og pengane hadde dei ikkje, men han trudde at dette var på ambasada. Eg skal prøva å få kontakt med dei i morgon. Meir kjem!

Nyhending! 8 oktober kl.23.00

Jeg har hatt kontakt med Dude og Jabir i dag, dei kom ned til Tanzania på fredag kl. 15.00, og er/bur på eit rom på flyplassen. Bagasje og pengar er i forvaring i den Norske ambasde i Dar es Salaam og desse skal dei få utlevert seinare. Gutane har det etter forholda rimeleg bra. Dei skal i "court" rettsal i morgon og vil hvis det går bra prøva å få seg ein plass å bu.

Nyhending 9. oktober kl. 22.00

Har prata med Jabir på telefonen i kveld! Han kunne då fortelja att begge hadde betalt ca. 1000 kr. kvar i dag til det lokale politi, dette for å sleppa noko lettar og noko mindre sjanse for å bli fengsla. Gutane vart sendt heim som einslege mindreårige, dette står svart på kvitt på papira i frå utlendingsnemda som var siste innstans i Norge som behandla saka deira. Me synest norske myndigheter har behandla gutane veldig dårlig, politiet har fulgt dei nedover ja , men når dei kom fram vart dei overlatt til seg sjølv. Den Norske ambasada har ikkje noko ansvar hevdar dei, gutane er overlatt til Tanzaniske myndigheter som me trur og som dagen i dag har vist er temmeleg peingstyrt! Dette er ikkje bra. Når Norge sender ut einslege mindreårige asylsøkjarar, har dei ikkje gjort jobben sin i denne saka. Då Dude og Jabir søkte om asyl i Norge var det i saman med tre andre frå same fotballlaget. Desse tre har vore bebuara på eit mottak i Lyngdal, dei har sparka fotball der med same suksess som våre. Alle fem vart sendt ut same dag, dei tre frå Lyngdal kom ned til Tanzania fredag kl 08.00 og vart sett i fengsel. Dei har hatt det veldig dårleg, men dei slapp ut i ettermiddag og er no saman med våre to. Lyngdal il har gått ut i pressa, les saka i www.farsunds-avis.no ein av gutane vart også intervjua av VG i kveld fekk eg opplyst av Jabir og seinare bekrefta av Frank Våge Skårdal trenar i Lyngdal. Han sa også at fleire aviser viste stor interesse for saka, me håper detta kan vera med å hjelpa gutane og att saka kan bli skikkelig belyst. Me samlar fortsatt inn pengar for Dude og Jabir, og det trengs ser det ut til!! Eg skal helse så mykje til alle og seia tusen takk, gutane er veldig stolte og glade for att Valdresane har sett slek pris på dei!

Nyhending 10. oktober kl. 21.30

Dude har fått ordna telefonen sin, eg prata med begge gutane og dei hadde det forholdsvis bra. Dei har vore hos politiet og der var det også i dag bruk for pengar!! totalt for begge ca. kr 1000 kr. , men no forsto eg att det formelle var ordna. Gutane har også vore på den norske ambasada og fått sakene sine der, i natt er eg ikkje heilt sikker på kvar dei skal overnatta, men i morgon vil Dude og Jabir prøva og få seg husvere i Dar es Salaam. Jabir skal få ordna med telefonen sin så også den kan brukast. Dei seier dei vil trena og holda seg i god form, dei vil også prøva å ta kontakt med ein fotballklubb i byen. Eg oppfordrar oss som har tlf.nummer til dei om å hjelpa dei til å halda motet oppe og å tenkja positivt. Skal helsa så mykje til alle! PS! Dude svarar også no det same om kva som er den beste bilen!

Nyhending 11. oktober

Vidar og Tommy har prate med Dude no i kveld, Jabir og Dude har fått leigd seg eit rom i dag for 3 mnd. Dei måtte måla og gjera noko småtri der, men det er bra at dei no har fått husvere og ei adresse. Det ser ut til att det ordnar seg litt etter kvart og eg synest dei har vore flinke, dei når dei måla dei har sett seg so langt. Me skal snart få sendt nedover noko meir som er pakka ifrå rommet deira på mottaket i Vang.

Nyhending 12 oktober kl.21.00

Eg ringte i kveld og prata med begge gutane, Jabir har også fått telefon sin opperativ. Dei har fått seg tak i matrealar og laga seg seng på rommet sitt. Dei veit ikkje adressa si endå , men Jabir skal senda meg den etterkvart. Gutane har leigd rommet sitt for 6 mnd., det har kosta dei ca. 1000 kroner, der deler dei som eg forsto fellestoalett med 20 andre bebuarar. Pengane dei fekk med seg er snart oppbrukt, me må få ordna med ein bankforbindelse i Dar es Salaam der meir pengar kan koma trygt fram til dei frå kontoen i Vang! Dude og Jabir har det forholdsvis bra, men det er rimeleg tøft for ungdomane som mange av oss har mykje i tankane. Gutane har måtte hjelpa dei tre frå Lyngdal med noko kontantar, to av dei har også fått seg rom isaman, mens Seif som me kjenner her i Valdres bor åleine. Eg skulle helsa til alle!

Nyhending 15 oktober kl.23.00

Har akkurat hatt ein prat med gutane, dei har det forholdsvis bra! Begge to har vore med eit lag og spelt fotballkamp i dag, eg trur dei kalla laget "Flescona". Kampen vart spelt 1 times reise utanfor Dar es Salaam og dei tapte 2-1, men Dude scora målet med asist frå Jabir(ikkje heilt ulikt kampreportasjer frå Vang i sumar). Det er bra dei kjem inn i fotballmiljø i heimlandet og held seg i form. Kampen i dag hadde vorte spelt på ein dårleg bane, ikkje som Norge sa Dude. Me skal prøva å få sendt nedover meir pengar, men gutane har ikkje legetimasjon så det er ikkje heilt enkelt endå. Eg skal prøva og nå den Norske ambasada i morgon, kansje dei kan hjelpa oss. Dude og Jabir ba meg helsa til alle, men spesielt skulle eg helsa til mascott Vegard som dei synest er ein god og artig gut som dei savnar.