Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Ufortent tap i siste kampen

Publisert 11/10/2006

FK Vang 1 - 2 ( 0-2 ) Snertingdal

0-1 1 min Snerting (straffe)

0-2 28 " "

1-2 50 " Jon Andre

 

Laget: Terje, Osvald, Tommy, Gjermund, Jon Andre, Vidar, Kai A Sandhaugo, Ola M, Kim, Jon T, Kai A Kvale

Reservar: Anders, Muhammed, Jonniva, Vegard, Runar, Thomas

Domar: Hans Foss

Ass.domar: Bjørn D Lundhaug, Tom E Våtsveen

 

Årets siste kamp i 4-divisjon for FK Vang enda med eit høgst ufortent 1-2 tap.

Riktignok opna Snertingdal best og fekk ein klar (unødvendig) straffe før det var gått 1 min. Dei var og farlegare enn oss når dei kom framover. Men utover i omgangen jamna det seg ut. Snerting skora og eit mål til i denne omgangen. Det var eit innlegg frå høgre som ein spelar satte kontant i nota. Me rota det til for oss sjølve nokre gonger i forsvar i dag. Bana er ikkje egna til "lekkerbiskenar". Sjansane og cornerane var jamnt fordelte i løpet av 1.omgangen.

Men i 2. omg var FK Vang det klart beste laget. Det gjekk då heller ikkje meir enn 5 min av omgangen før Jon Andre scora på ein corner. No vart det eit stormløp mot snertingdaln. Me spela tidvis bra og trykka dei bakover. I løpet av dei siste 20 min hadde me 5 store målsjansar. Berre utruleg uflaks gjorde at me ikkje scora 2-3 mål til . Synd, men ein må rekne med og ha ein og anna slik stang-ut -kamp i løpet av ein sesong.

Spelarane kåra Jon Andre Viken til FK Vang sin beste spelar, tett fulgt av Anders, Ola M og Kim.