Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Fullt fortent siger mot Ringebu/Fåvang

Publisert 17/10/2006

FK Vang 2 3 - 2 ( 3-1) Ringebu/Fåvang 2

1 - 0 8 min Jon Terje (Vegard)

1 - 1 16 "

2 - 1 41 " Anders

3 - 1 44 " Kai Rune (Anders)

3 - 2 80 "

 

Laget: Thomas, Jonniva, Nils Petter, Ola M, Runar, Kai Rune, Christoffer, Kristoffer, Jon T, Vegard, Anders

Reserver: Stein Ivar, Birger, Toro, Lars

Dommar: Svein Olav Fossholt

 

Det vart ein relativt velspelande 1.omgang . FK Vang hadde flust av store sjansar (9) denne omgangen. Ringebu hadde svært lite å by på, og skapa lite denne omgangen. FK Vang tok leiinga etter 8 min ved Jon Terje. Han vart spela igjennom av Vegard, og lobba ballen over keeper. Der var svært ufortent at Ringebu utlikna etter 16 min. Dei scora medan me dreiv og stilte opp muren vår. Trass i flust av 100 %-sjansar, måtte me vente heilt til 41 min. før neste FK Vang scoring. Da var det Anders som scora direkte fra frispark. Så heilt mot slutten av omgangen var det Kai Rune sin tur til å putte, etter eit kjempelegg av Anders. Kai Rune dukka opp på bakre stolpe og lirka ballen inn. Pause og 3-1, ikkje eit mål for lite.

2. omgang var mykje jamnare. Me sleit med skader på spelarar og måtte rokere og bytte 4 skada spelarar. Ringebu scora ti minutt før slutt, igjen på eit frispark. Dei pressa på mot slutten av kampen utan å få hull på byllen. Dette førte og til at me fekk sjansar på nokre overgangar.

Til helga er det kamp 2 i KM-spelet. Den går borte mot Grua 2 på kunstgraset på Jevnaker. Det blir ein hard kamp, men det likar me.....:)