Dude & Jabir
Publisert 18/10/2006
Nyhending 18. oktober kl. 23.00
Eg fekk sendt nedover pengar måndag, det ser ut til at gutane får dei ut ved å få seg eit papir som Jabir sa. Dei har det ellers rimeleg bra og begge får telefonar frå fleire i Norge og det set dei stor pris på.
Eg har også sendt fleire mailar til den Norske ambassdada i Dar es Salaam og fått hyggelege svar! Dei vil hjelpa oss og gutane med saker som skal sendast nedover til Tanzania. Dette er klær og fotballutstyr som gutane måtte reisa i frå då politiet kom og henta dei på mottaket i Vang for snart 14 dagar sidan. Me kan senda dette til ambassada, og gutane kan henta det der.
Dude og Jabir var i kveld isaman med venner og såg fotballkamp på TV, Chelsea mot Barcelona to middels lag etter mitt syn men sikkert ok!
Eg minnar om kontonummeret som er oppretta for dei: 21464009679
Nytt frå Tanzania 19. oktober.
Vidar har prata med gutane i dag og eg har hatt kontakt på sms. Dei har trena fotball i dag med det laget dei spelte kamp med. Dei ynskjer att me sender nedover nokre fotballar då ballane dei har og får tak i er av heller dårleg kvalitet. Ballar skal me få tak i og senda med dei andre sakene.
Pengane som me sendte frå Valdres har dei fått ut i dag, det er godt å sjå att det systemet fungerar. Dude og Jabir er veldig takknemelige for at me hjelper dei og ber meg seia tusen takk til alle!!
Nytt frå Tanzania 27. oktober.
Me har hatt kontakt med gutane, dei har det bra. Søndag var dei med på fotballkamp som dei vant 3-1, dei held seg i form og trenar to gonger pr. dag. Eg har sendt nedover meir pengar som dei har fått i dag, dei er veldig takknemmelige og ber meg helsa til alle.
Nå til veka skal eg sende nedover ein del saker som eg har henta på mottaket i Vang, gutane gler seg til dei får betre fotballar å trena og spela med.
