FK Vang old-boys til finale!!
Publisert 23/10/2006
Finaletap for old-boysgutta
FK Vang sine old-boys skulle i helga forsvare sigeren fra fjoråret i old-boys turneringa på Beitostølen.
Det var ein heller "slank" tropp som stilte. Nils Petter (storputteren fra i fjor) knakk eit bein i handa forrige helg, og me var difor berre 6 stk som reiste oppover. Terje, Morten, Nils Arne, Stein Ivar, Tommy og Kai Rune.
I første kampen vant me 7-0 over Svingen pub. I neste kamp var Kai Rune uheldig og ble felt av ballen. Resultatet vart eit knekt bein i leggen, og tur til Gjøvik. Han blei operert samme kveld og er nå den "heldige" innehaver av 7 stk stålskruer i leggen. Me kryssar fingrane for Kai Rune og håper han er på beina att snart. Dette førte til at me ikkje hadde nokon innbyttar. Da handla me inn ein spelar, Alex Richwood (Nils Petter's stesønn??). Han stilte sporty opp.
FK Vang fekk 2.plass i gruppespelet og gjekk derfor til finale der me skulle møte Svelvik. Det vart ein tett og jamn kamp med eit overtak til FK Vang. Me leia 2-1 og hadde nokre utrulege sjansar til å auke. I staden for reduserte Svelvik. Dei scora eit par mål til og resultatet til slutt vart 5-3 til Svelvik. Dette var ein kamp der me hadde mykje stang ut og Svelvik hadde berre stang inn. Tommy og Morten vart toppscorere med henholdsvis 7 og 6 mål. Ellers var det solid og godt spel av alle.
Neste år er det revansje.
