Nes 2-0 FK Vang 2
Publisert 07/11/2006
Tap i jamnspelt kamp
Nes 2-0 (0-0) FK Vang
1-0 50 min
2-0 85 "
Domar: Svein Olav Fossholt
Laget: Jostein , Birger, Tommy, Muhammed, Jon I, Christoffer, Emanuell, Torbjørn, Lars, Vegard, Kai A Kvale
Reservar: Arild, Kristian, Ola Erik H Moe
Me starta kampen med 2 innbyttarar. Nes var eit godt , velspelande lag med ein svært god spiss. Etter 20 min blir Jostein (keeper) skada. Han fekk skuldra ut av ledd, og måtte gå av. Utan reservekeeper med er det Birger som tek på seg hanskane. 1.omg endar mållaust, trass i gode sjansar til begge lag. 2. omg er berre 5 min gammal då Nes scorar. Kampen står no og vippar lenge. FK Vang har gode sjansar til å avgjere kampen, og det same har Nes. Heilt på slutten av kampen punkterer Nes kampen då dei får lage sitt 2. mål for dagen.
Det var ein jamnspelt kamp med gode sjansar til begge lag. Spelarane til FK Vang kåra Torbjørn til dagens Vangsgut. Tett fulgt av Tommy, Lars, Emanuell og Kai A. Synest også at Muhammed og Ola Erik (kom inn og spelte 15 min) gjorde ein god figur. Dermed var ein laaaang sesong over.
