Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Dude & Jabir

Publisert 23/11/2006

Siste nytt frå Tanzania:

Dude og Jabir har det etter forholda rimeleg bra, me har sendt meir pengar nedover. Gutane treng økonomisk bistand framover, så det er bra Valdresane og andre set inn pengar på kontoen som vart oppretta for dei!
Kontonr: 21464009679
Dude og Jabir spelar fotball i heimlandet. Klubben dei no spelar for heiter Friends Ranger, som eg har forstått av gutane presterar dei begge bra. Friends Ranger vinn kampane sine og våre to scorar mål og står på omtrent like bra som i FK Vang. Neste veke skal dei spela kamp for laget som dei tre vennene som budde i Lyngdal spelar på, det gler Dude og Jabir seg til. Det er bra dei har fotballen og nettverket den fører med seg. Dette laget trur eg heiter Tambasa, og er etter det eg har fått med meg noko bere enn Friends Ranger.
Gutane savnar Norge, Valdres og vakre Vang, dei hadde nok ynskt å vera med FK Vang på avsluttningsfesten i morgo kveld, det går nok ikkje!, men dei er med i tankane våre. Og kansje når me dei på telefonen i frå Filefjellstuen. Gutane ba meg helsa til alle og takka for støtta! Heia FK Vang vart også nemt!