Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Kunstgrasbane på grusbanen på Tveit stadion

Publisert 14/12/2006


Tusen takk til Vang Kommune!
Vedtaket i Vang kommunestyre i dag med 14 mot 2 stemmer for kustgrasbane med opplegg for undervarme på grusbanen på Tveit er supert for fotballen i Vang og Valdres.
Tveit stadion blir eit flott anlegg som befolkningen bør bli stolte av! I vedtaket ligg det også nytt lysanlegg, mål og vedlikehaldsutstyr.
Ein delegasjon frå Vang var på befaring i går, der me såg på 3 anlegg i Akershus og 3 i Hedemark. Bilete her er frå befaringa på Kurland sin bane i Lørenskog. Ove Halvorsen anleggsansvarleg i Norges fotballforbund på austlandet var med oss heile dagen. Ove ordna befaringane i Hedemark, mens Syntec(leverandør) ved Øystein Slemdal tok seg av opplegget i Akershus. Me fekk sjå kunstgras i frå fire leverandørar i går, og 3. januar er me invitert til Bergen for å sjå på underlaget i Vestlandshallen som er levert frå ein ny leverandør i Norge.
Anlegget på Tveit er tenkt ferdigstilt i juni 2007 og FK Vang skal stå som eigar og drifta banen. Vinterdrifta blir etter kor driftige me er til å få inn middlar til formålet, men mange gode idear er sett i sving for å nå dette.
Vang kommune er ei bra kommune å bu i!!!, me er veldig takknemmelige for at dei er med oss på denne satsinga. FK Vang skal stå på så me kan ha denna arenaen oppe mest muleg for barn, ungdom og eldre som vil boltra seg på grønt gras heile året! Lykke til alle saman.