Beitostølen cup
Publisert 27/01/2007
Kai Arne Kvale, med 8 mål vart toppscorar for FK Vang 1 etter innleiande runde på Beitostølen i går.
Fyrste laget til FK Vang gjekk enkelt vidare med 3 seiarar og 26-2 i målforskjell. Laget havna i ei enkel gruppe, men viste til tider mykje bra spel. Dei nye spelarane presterte veldig bra, det er spelara med god kvalitet som blir moro å ha med i FK Vang framover. Søndag er det på`n igjen med kamp kl. 10.23 på morgonen og då er det cupspel.
FK Vang 1:
Terje, Ola Magne, Jon Ivar, Kai Arne S., Kai Arne K., Sveinung, Åsmund, Gjermund, Jon Terje og Anders.
FK Vang 2 kom i ei jamnare gruppe og vart sleggne ut av turneringa. Dei hadde gruppevinnaren i kne fyrste kampen, men Hedalen scora 2 sek. før slutt og fekk 1-1.
FK Vang 2:
Thomas, Vidar E., Vidar K., Nils Petter, Kim, Ole Eirik, Kjell Magne, Nils Arne, Arild og Muhammed
Som dei observange ser, er det ein del nye navn på spelara her. Presentasjon av desse kjem etter kvart.
