Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Finale i Beitostølen Cup

Publisert 28/01/2007

FK Vang sitt fyrste lag kom heilt til finalen på Beitostølen.
Sluttspelet sundagen starta mot Leite Mix(vinnaren i 2005), FK Vang gutane spelte ein god kamp og vann til slutt 3-0.
Kvartfinala var no eit faktum og me lada upp med frukt frå Kiwi. Motstandar, Vossaaliansen (vinnaren i 2006). Kampen starta dårleg for vår del 2 baklengs etter 5 min., men gutane ga ikkje opp av den grunn. FK Vang sto på og når det var gått 14 min. hadde me 3-2 leiing. I det 19 min. sette Kai A. Kvale inn 4-2 etter nydeleg passning frå Åsmund Bakkene.
Vossagutadn måtte ta fatt på heimvegen over fjellet, mens Vangsgutadn feira 4-2 seieren med frukt og festev.
FK Vang i semifinale for andre gong! TØFT!! Motstandar FK Valdres 1, bra av juniorlaget og koma så langt, men dei måtte sjå seg slått med 4-0 når dommaren bles for full tid.
FINALE!!
FK Valdres - FK Vang, moro å møta dei, men gutane til FK Vang var slitne i finala der FK Valdres vant fult fortjent. Vangsgutane manglar nok ein del grunntrening ennå, så det gjekk tungt etter mange tøffe kampar i dag, mot eit godt trena Valdreslag som hadde god uttelling på sjansane i finala der me tapte 7-1.
FK Vang er storfornøygd med sin prestasjon denne helga, god innsats av alle mann med ekstra pluss til Åsmund og Kai Arne K.
Moro att alle dei nye spelarane går så bra inn i gruppa vår, det blir spennande å fylgja dei framover i sesongen.
Målscorarar: Kai Arne K. 12 mål, Asmund og Jon Ivar 6 mål, Jon Terje 5 mål, Anders og Ola Magne 4 mål og Kai Arne S. 1 mål.

Treningar nå til veka:
Tysdag, Tveit 19.00-21.00, Onsdag, Beitohallen 19.00-21.00, Fredag, Blåbærmyra 19.30-21.00.
Møt Opp!!!