Treningsamling, Treningar
Publisert 30/01/2007
Nå er fyrste helgesamlinga i boks!
Helga 23 til 25 februar skal me til Sognahallen i Sogndal. Fredag 23. feb. har me trening kl. 19.30 til kl. 21.00. Laurdagen skal FK Vang møta Kaupanger eit 3. div. lag frå Sogn, kampen startar kl. 12.00. Me møtte dei i 2006 i Sognehallen og tapte då. FK Vang vil prøva å gje dei meir kamp no. Laurdagskvelden blir det mulig å sjå Konsvinger mot Lørenskog kl. 18.00 i Sognahallen. Kl. 20.00 laurdag skal Vangsgutadn trena i hallen for siste gong denne helga.
Sundagen pakkar me oss ut frå Sogndal Hotell og sett kursen heimover. Me stoppar i Lærdal for treningskamp mot Lærdal på den nye kunstgrasbanen ved skula. Kampen er tidsett til kl. 14.00 den 25. feb.
På denne helgesamlinga er det høve til å ta med barn, kjærastar, sambuarar og fruer! Utlegg for desse må betalast frå eige lomme. FK Vang hadde ein fin tur til Sogndal i fjor, me gler oss til turen i år. Sogndal 2 får ikkje revansj mot oss denne helga då dei har kamp fredag, men kanskje me kan møta dei seinare.
Treningskampar utenom helgesamlingar:
Varde - FK Vang laurdag 14. april kl. 14.00 i Raufosshallen.
Det blir også fleire, men berre dette er heilt bestemt nå.
Treningar i februar: Tysdagar og Onsdagar ute på Tveit kl. 19.00 - 21.00.
Fredagar 2, 9 og 16. februar og 2. mars kl. 19.30 - 21.00 på kunstgras på Blåbærmyra.
Siste trening inne på Beitostølen i morgon 31. jan. kl. 19.00 - 21.00.
