Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Helgesamling i Sogn

Publisert 27/02/2007


FK Vang var i Sogndal i helga med treningar og kampar mot to Sognelag. Damer og barn var innvitert med, og alle storkosa seg.
Me hadde ein kamp og to treningar i Sognahallen og sundagen møtte FK Vang, Lærdal i Lærdal.
På grunn av sjukdom og andre forhold reiste FK Vang til Sogndal med ein liten tropp, mange som vart med har ikkje så mange treningar til nå i vinter. Me hadde eit bra opplegg for gutane med trening fredag kveld og kamp mot Kaupanger 3. div. på laurdagen. FK Vang tapte denne kampen 5-1, men spelte til tider bra med tanke på at me mangla så mange sentrale spelara. Kaupanger leia 4-0 etter 1. omg. dei var til tider gode med stor bevegelse og med stor fart på ballen. I 2. omg. presterte me betre og held eit bra 3. div. lag til 1-1. Kai Arne Kvale scora vårt mål, etter att keeperen til Kaupanger prøvde som Harald i seinkveld på ting han ikkje kan.
På kvelden laurdag hadde me igjen trening i hallen, laurdagskvelden vart ikkje lang etter treninga. Spelarane og støtteaparatet var slitne og tok tidleg kveld.
Sundag morgon tok me farvel med Sognda Hotell og sette kursen mot Lærdal.
Kl. 14.00 møtte FK Vang, Lærdal på den nye kunstgrasbanen ved skula. Lærdal har fått til eit praktanlegg, med idrettshall, grasbane, kunstgrasbane og til og med ballbinge. Bra arbeid Lærdal il.
Kampen mot Lærdal starta bra for Vang sin del då Ola Magne nikka inn 0-1. Lærdal utlikna før FK Vang gjekk opp til 1-2 etter ein langlobb frå Kai Arne Kvale. Dette ver stillinga ved pause. Andre omgangen starta dårleg for FK Vang då me gav Lærdal ei billig straffe heilt i starten. Lærdal scora 3 mål til utover i kampen og vant fortjent mot eit slitent FK Vanglag.
Alt i alt hadde me ei flott helg, men det vart litt tøft opplegg med så få og ein del lite trena spelara.