Nils Arne Skeie
Publisert 11/03/2007
Nils Arne Skeie returnerer til FK Vang etter eit år i moderklubben Øystre Slidre/Rogne.
Nils Arne er ein god spelar, han har spelt mange sesongar i FK Vang. Det skal bli moro å sjå han på Tveit stadion att i summar.
Skeiin er vorte 34 år, ugift, har eit barn. Nils Arne driv og vidareutdanne seg inna el. faget, og er for tida mykje på skule i Oslo.
Favoritlaga til Nils Arne i Norge og Engeland startar begge med bokstavane Li.
Me ynskjer Nils Arne Skeie velkomin i FK Vangdrakta att, og ventar i spenning på nye dribbleseriar frå han i 2007.
