Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Kampar i Sognahallen

Publisert 18/03/2007


FK Vang har hatt ei super helg i Sogndal.
Gutane har hatt to treningar og to kampar i helga. Laurdag møtte FK Vang eit 4. div. lag frå Sogn (Jølster). FK Vang tapte 3-2, men var godt nøygde med spel og sjansar. To personlege feil gav Jølster 2 mål.
Sundag møtte me Syril 5.div. lag frå Sogndal. FK Vang vant 5-1, laget viste mykje bra spel og var divisjonen over Syril i spel og sjansar.
Målscorara denne helga Jon Terje Rying 3 mål, Runar Brenden 2 mål, Sveinung Dahl og Arild Tveit 1 mål kvar.
Sveinung Dahl var alt i alt FK Vang sin bestemann denne helga, men mange spelara presterte bra.
Guttespelarane Runar Brenden, Jonas Bøe og Lars Hestad var alle gode og hadde liten respekt for meir vaksne motstandara. Ekstra pluss til Runar Brenden med sine to mål og storspel til tider.