Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang slo Valdres rek/jr.

Publisert 31/03/2007

Fortent siger til FK Vang

Valdres rek/jr 0 - 1 FK Vang

0-1 55 min Ole Eirik Syversen

Laget: Terje, Jonniva, Viken, Anders, Bjørn Thomas,
Kai A Sandhaugo, Kim, Sveinung, Hallgrim,
Ole Eirik, Rune
Res: Arild, Jonas, Lars, Muhammed (alle benytta)

1.omgang vart ein del stillingskrig. Det var ein omgang med ein del bra spel, men dei store sjansane kom ikkje. Ikkje før eit stykke uti. I ein periode med eit visst FK Vang press, der me klora oss fast i deira 16-meter, fekk Hallgrim sjansen frå 6 meter. Skotet gjekk rett utanfor stonga. I 2.omgang komprimerte me laget. Valdres fekk no mykje mindre rom og spele i, og me var flinkare til å låse dei høgt oppe. Dette gjorde at me fekk ein del overgangar. Lagdelane låg tett og det vart vanskeleg for Valdres og trenge igjennom. I denne omgangen skapa me ein god del sjansar, nokre meget store og. Ola Eirik, som scora eit fint mål, hadde 2 store sjansar til, utan å lykkast. I tillegg hadde Rune eit skot i tverrliggaren frå langt hald. Rune var eit stadig uromoment for Valdres. Han skapa mykje og var veldig flink til å spele gjennom dei andre.
Det hadde vel ikkje vore noko og sagt på om at FK Vang hadde vunne med fleire mål. Banas beste var nok Rune Skogheim, i sin første kamp for FK Vang!!! Ein solid og god innsats av alle, men med eit ekstra pluss til Rune, Muhammed, Sveinung, Kim, Ola Eirik og Anders.
No ventar trening måndag på Tveit kl 19.00; Blåbærmyra onsdag kl. 19.00.
Det blir kamp mot Valdres 2.påskedag kl. 13.00.