Siger i siste treningskamp
Publisert 15/04/2007
"dårlæ spæll men likevæll...."
Sjelden har vel Åge Aleksandersen sine ord vore meir sanne. Trur nok at fyrane i Nordicbet har bortimot røyka sokkane sine, iallefall dersom dei hadde sett kampen mot Varde.
Men for all del, det fantest lyspunkt. Det største lyspunktet var å vinne på ein dårleg dag.
Laget: Terje, Jonniva, Anders, Ola M, Arild, Akram, Kim, Sveinung, Kai A Sandhaugo, Jon T., Kai A Kvale
Reservar: (alle benytta) Muhammed, Vegard, Ola Erik
Varde - FK Vang 4-5 (3-3)
0-1 (8 min) Anders Henriksen
1-1 (13 ")
2-1 (18 ")
2-2 (29 ") Sveinung Dahl
3-2 (32 ")
3-3 (33 ") Jon Terje
3-4 (46 ") Akram
4-4 (55 ")
4-5 (71 ") Akram
Kampen opna relativt bra. Me hadde full kontroll dei første 10-12 minutta. Varde var knapt nok over midtbana. På eit av angrepa våre vart Jonniva "dieselpumpe" felt ca. 20 meter fra mål. Anders la ballen kontrollert i målet! Etter dette sovna me skikkeleg. Det var noko stille og tafatt over laget. Varde kom meir med i kampen, utan åskape det heilt store. Dei scora vel 3 mål på 2 sjansar i første omgang (godt gjort):). Fk Vang viste i små glimt kva me kan. I eit slikt angrep scora Sveinung. Det var då gått ein halvtime. Varde svara like etter og leia 3-2. Rett etter scoringa til Varde kontra FK Vang og Jon Terje scora vakkert fra 30 meter. 3-3 holdt seg ut omgangen. 1.omgang var veldig varierande, med FK Vang som det beste laget.
I 2. omgang gjekk det berre 1 minutt før Akram (som spelte sin første kamp for året) plasserte ballen i hjørnet, utagbart for keeper, fra 16 meter. 10 minutt etter svara Varde og me var like langt. 4-4. Kampen stod og vippa, og det vart sjanser på begge lag. Så litt over midtveges i omgangen satte FK Vang fart på ein overgang, og Akram kunne sette ballen i buret, fortent nok. Etter dette roa kampen seg. Varde spelte seg til nokre "nesten"sjansar, men med klarte å demme bedre opp i 2.omgang.
Jonniva fekk ein skade etter 8 min og måtte forlate bana. Ola Erik var skikkeleg uheldig og knakk kragebeinet. Det var verkeleg synd. Han var frisk og spelte ein god kamp før han vart skada. NO blir han borte i 5-6 veker.
Altså ein fortent siger på ein relativt dårleg dag. FK Vang sin beste vart Sveinung Dahl. Akram Ali, Jon Terje, Ola Erik og Kim var dei som fulgte nærmast Sveinung.
Laurdag om ei veke, 21/4, startar alvoret borte mot Moelv (på gjøvik). Der skal me møte eit av dei laga som kjem til å vere med og kjempe om opprykk.
