Rune Skogheim
Publisert 17/04/2007
Øystreslidringen Rune Skogheim som har trena sporadisk med klubben i fleire år, har endeleg signert ei kontrakt med FK Vang. Skogheim er ein driblekåt og målfarleg spelar med eit godt overblikk og finstilt pasningsfot. Han debuterte i vangstrøya mot Valdres2 palmelaurdagen. For tida studerer han ved Høgskulen i Volda og trenar med studentidrettslaget der, men med ein sumarferie på nærmare tre månader vil han vera aktuell for fleire seriekampar denne sesongen. Tidlegare klubbar er Øystre Slidre, SAFK Fagernes og Rygge. 4 kjappe Kvifor har du valt FK Vang? Passe nivå og god stemning i stallen. Kva er dit beste fotballminne? Då eg scora på hovudet på tre cornere på rad mot FK Vang som lillegutt. Favorittlag og spelar? Manchester United og Deco Kven vinn tippeligaen i 2007? Lillestrøm
Test
