Morten Arild Buene ny hovedtrenar!
Publisert 02/12/2005
Morten Arild er 38 år og til dagleg lærar på Leira skule, han har spelt fotball i FK Vang i mange sesongar. Han er kjent for sin tøffe spelarstil og har også spelarkariere frå Årdalstangen, Aurdal/Leira, Fagernes og SAFK.Fagernes.
Morten har vore trenar i FK Vang før og har hatt trenarverv i Fagernes og SAFK.Fagernes.
Kjell Magne Kvale blir ny hjølpetrenar, han er 26 år og snikkar. Kjell Magne har som Morten fleire sesongar som spelar i FK Vang, men han starta kariera si i Vang Kam. Han har også spelt for Fagernes og SAFK Fagernes.
Sportsleg ansvarleg for seniorfotballen i FK Vang blir gamletrenaren Ola Rogn Tveit.
Jan Derk Stegwee vil hjølpe oss ved eventuelle skader, han er til dagleg fysioterapaut i Vang kommune.
Oppmennene eller oppkvinnene er i ikkje klare endå, men navna er nok snart på plass.
FK Vang er veldig tillfreds med støtteaparatet og håpar på ein god sesong i 2006.
