Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Bra prestasjon av FK Vang i Raufosshallen

Publisert 01/01/2006

Me reiste nedover til Raufoss med berre 2 reserver. Me hadde fått nokre forfall i løpet av natta.

Trass i dette spelte me ei svært god turnering. Berre tilfeldigheiter gjorde at me ikkje gjekk til bronsefinale. Pulja me hamna i var nok fleire hakk betre enn den andre pulja.

Første kampen vår mot Varuglene (Reinsvoll) enda med ein 9-0 siger. Dei offensive spelarane Jon Terje, Dude og Jabiri, var dei toneangivande i denne kampen. Dei scora 8 av måla. Mange av måla var rettlege perler. Kjempekamp av dei tre omtala spelarane.

Andre kampen vår var mot Raufoss. I følge trenaren var dette det sterkaste laget dei hadde mønstra til ei innandørsturnering. Dei stilte m.a. med Ronny Børthus, Helge Jøndal, Adem Guvem, Petter Senstad, Albert Cole. Raufoss slo oss 4-1. Me hadde 1-1 mot dei til det var gått 18 min. Jon Terje scora Vang sitt mål. Me hadde fleire gode sjansar i denne kampen, og Raufoss var litt på hæla dei gongene FK Vang kontra og satte fart framover.

Tredje kampen var mot Kolbu KK. På ny spelte me ein solid kamp. 2-2 i ein kamp der me var nærast sigeren, og der det første Kolbu-målet var ein klar hands. Målscorarar her var: Jabiri 2 mål.

Siste kampen var mot laget som har vore i finalen dei to siste åra, Etnedal. Denne kampen var jamnspelt og enda 0-0. Jon Terje og Dude vart småskada eit stykke ut i kampen og måtte gå av. I tillegg vart Kjell Magne (tru det eller ei) utvist.

Pulja vart jamn og me hamna rett bak Raufoss og Kolbu KK, men foran Etnedal...

Terje Lauvhaug stod i mål dei tre første kampane og spesielt kampen mot Kolbu KK var solid.

Thomas Gjerde stod i mål siste kampen og gjorde og ein god kamp. Ellers gjorde Gjermund Berger eit solid inntrykk. Det er ein spelar me ventar oss mykje av framover. Solid spel også av Kim, Jon Ivar, Lars og Kjell Magne.