FK Vang til sluttspel!!
Publisert 28/01/2006
Begge laga til FK Vang er gått vidare til sluttspel i Beitostølen Cup.
FK Vang 1 spelte fredagskvelden, dei møtte Øystre Slidre/Rogne, Singsås og FK Toten. Gutane spelte bra og vant alle desse kampane.
FK Vang 1 har sin fyrste sluttspelkamp søndag kl. 10.00 der dei møter.........
FK Vang 2 spelte i dag, dei møtte Hedalen, Fjellhamar 2 og Leite Mix(fjorårsvinnaren).
Det vart seier mot Hedalen, uavgjort mot Fjellhamar og tap mot Leite Mix, men FK Vang 2 går til sluttspel.
FK Vang 2 har sin fyrste sluttspelkamp søndag kl. 10.00.
Når alle kampane i innledande puljer var ferdige laurdagskvelden, vart resultatet slik at FK Vang 1 møter FK Vang 2. Dette var kansje ikkje det mø håpa på, men eit Vangslag går heilt sikkert til kvartfinale.
Håpar at suportarar og publikum kjem og heiar oss fram i morgon!!
Meir om turneringa kjem seinare.
