Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

SAFK Fagernes jr - FK Vang

Publisert 11/02/2006

SAFK jr. 0 - 3 FK Vang

Bambi på glattisen hadde kanskje vore ei meir passande overskrift. Kunstgrasbana på Blåbærmyra var svært glatt, og gjorde det vanskeleg for mange av spelarane. Dette skulle egentleg vore ein kamp for FK Vang sitt 2. lag, men grunna mange forfall; reiser, sjukdom og diverse, så måtte me stille med 4-5 A-spelarar.

1. omgang var ein jamn og tett affære. SAFK hadde ein stor sjanse som keeper Terje redda meisterleg. På slutten av omgangen hadde FK Vang og ein stor sjanse etter eit godt innlegg fra høgre sida. Dude bomma akkurat på den ballen. Omgangen ebba ut med 0-0.
2. omgang opna bedre for FK Vang. Laget spelte seg til nokre bra sjansar tidleg i omgangen. Trykket framover på bana vart bedre. Etter 5- 10 min fekk FK Vang
tildelt straffespark. Birger la den sikkert i keeper sitt venstre hjørne. 2-0 målet kom ved Lars Ø Hemsing.Han var aggressivt framme på ein retur.Ikkje lenge etterpå kom 3-0 målet. Det var etter ein corner. Tommy heada og keeper måtte gje retur. Da dukka Birger opp og knalla den inn fra 1, 56 meter.

Etter dette tok SAFK over ein del av spelet. Dei hadde ei stor sjanse som Thomas redda glimrande. Vel halveges ut i omgangen måtte Jon Andre kaste inn handkleet. Ti minutt før slutt måtte også Runar gi seg. I og med at me ikkje hadde fleire innbyttere så
måtte me spele dei siste 10 min. med 10 mann.

Heile backrekka med keeperane gjorde ein god kamp. Spesielt bra var Jon Andre og Tommy. Ekstra pluss og til to-målscorar Birgern. God innsats og av dei andre, men grunna føret var det nok enklare og spele bak i dag. Bortsett fra ein liten periode i andre omgang, synest eg at me spelte tett og med god skyving. No ser me verkeleg fram til ein weekend i Valhall med kjempegode treningsforhold. Der blir det ein trening og 2 treningskampar.