FK Vang - Fjøra
Publisert 04/03/2006
FK Vang - Fjøra 1-3 (0-2)
Jotun stadion krøllgras 3.mars kl.18.00
Dommar: Marius Slinde, Norane IL.
Bra gjennomført kamp av FK Vang i bitande kulde på Vestlandet!!!
I denne kampen ville me prøve ut 4-4-2. Grunna mellom anna forfall frå Kim, Jon Andre, Jon Ivar, Jon Terje og Muhammed, reiste me til Årdal med berre 3 innbyttarar.
Terje
Kjell Magne/Tommy/Morten/Osvald
Dude/Ola Magne/Jabir/Kai Arne Sand.
Anders/Kai Arne Kvale
12 min ut i 2. omgang kom Vidar, Lars og Kristoffer inn.
Det vart ein varierande kamp fra FK Vang si side. Fjøra kom i fjor på 4. plass i sin 3. divisjonsavdeling. dei 10-15 første minutta av kampen vart me sett under relativt hardt press. Fjøra pressa høgt og hadde 2 spissar som jobba veldig hardt i press. Fjøra scora 2 mål idenne perioda. Dei var bevegelige og flinke til å fylle på med folk rundt 16-meteren. I tillegg var keeperen deira svært presis og flink til å sette hurtig i gang spelet. Etterkvart utover i kampen kom FK Vang meir og meir med. Kommunikasjon, avstanden mellom lagdelene og sideforskyvinga fungerte betre og betre. Ballen gjekk hurtig på 1 touch og me spelte oss til fleire brukbare sjansar. Etter ca 20 min var Jabir aleine med keeper etter at FK Vang hadde brote eit Fjøra -angrep, Me kontra hurtig men dessverre redda keeperen. Litt seinare fekk FK Vang frispark fra 22 meter. Anders sette den i tverrliggaren. Litt lenger ned og det hadde stått 2-1.Bortsett frå eit par sjansar etter utspel fra keeper, var FK Vang fullt på høgde siste 30 min av 1. omg.
Det første kvarteret av 2. omg var som den siste halvtimen av 1.omg. FK Vang var fullt på høgde. Spelarane kombinerte bra, spesielt Dude herja med Fjøra på kanten.Dei første 10 minutta etter byttene, vart me trykt skikkeleg bakpå. Men etterkvart fekk med opp stimen og kom tettare opp i ballførar. Etter 70 min kom Jabir igjennom og scora sikkert. Etter dette spela FK Vang seg til fleire gode sjansar. Det bølga litt fram o g tilbake ein periode, heilt til Fjøra scora 3 min før slutt.
Dude, Jabir, Anders, Kai`ene var spesielt gode og får ekstra pluss, men ein solid gjennomført kamp av dei andre og.
Fjøra hadde 7 målsjansar mot FK Vang sine 4, så seieren var fortent nok. Men spelemessig var det den beste kampen hittil. Spelemessig var me fullt på høgde i store deler av kampen, bortsett frå dei 15 første min og ein 10 min periode i 2. omg.
Referat frå kampen finn du og på heimesida til til Fjøra FK: www.fjora.no
