Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

kJEMPEKAMP AV FK VANG

Publisert 20/03/2006

Da var helga over. Me reiste mannssterke over fjellet. 23 spelarar + koner og barn, 39 i talet.Fredag hadde me ei god treningsøkt om kvelden.
Laurdag var det duka for kamp mot Kaupanger, eit svært godt trent 3.div lag.
Denne kampen vart prega av mange feilvalg av spelarane, mange individuelle feil, dårleg samhandling og svært dårleg kommunikasjon.Kaupanger var eit svært godt og hardtspelande lag. Dei var veldig effektive i denne kampen. Dei vann sjansestatistikken 9-7, og cornerstatistikken 8-4. I løpet av den første halve timen netta dei 3 gonger. Etter 32 min scora Vang på straffe ved Anders etter at Jabir blei lagt i bakken.i 2. omg scora Kaupanger 2 gonger til før Jon Terje reduserte etter eit langt utspel av Thomas. Kaupanger vann tilslutt 7-2.
Etter den bedrøvelege forestillinga hadde me eit møte på hotellet der me gjekk inn på kampen og kva me ville gjera annleis i kampen mot Sogndal II.

Og snakk om å reise kjerringa. Det var ein heilt anna sprut av FK Vang i denne kampen. Bevegelsen, presset, skyvinga, farten på ball, sikringsspel og ikkje minst kommunikasjonen var heilt annleis. Sogndal pressa høgt og styrte spelet dei første 20 min.Etterkvart kom me meir med i kampen og skapte nokre store sjansar. I første omgang hadde kvart lag 3 sjansar. FK Vang hadde dei største sjansane.
FK Vang var godt organiserte og låg svært tett. *Det blei vanskeleg for Sogndal og skapa dei heilt store sjansane. Dette fortsette i 2. omgang og i det 75 min. blei Dude felt innanfor 16-meteren. Straffe til Vang og den sette Trond sikkert i mål!!!. Sogndal sleit med å komma til dei heilt store sjansane, medan det vart mykje rom å gå i for spissane til FK Vang. Etter 85 min. vart Dude stygt felt bakfra av ein sogndalspelar. Fortent raudt kort!! FK Vang sto i mot presset og rodde i land ein 1-0 siger. Sogndal hadde eit skot i tverrliggaren, medan FK Vang hadde 2 skot i stengene. Dei vel 30 frammøte sogndalsupporterane med Tone D Aaberge i spissen vart nok overraska av vangsgutane, og eg trur nok ho kjem til å flytte over fjellet...
Dette var ein skikkeleg lagsiger, men ein ekstra pluss til Ola Magne o g Dude. Me nytta 20 ulike spelarar i denne kampen. Det er flott og ha ein sopass stor og jamn tropp, der ein kan setje innpå spelarar utan at laget blir svekka. Flott jobba av alle mann.

Og til alle som trur at Sogndal stilte med eit svekka lag... Dei stilte med det same laget som slo Kaupanger 2-0 veka før, og som slo Fjøra 2-0 to veker før. Dei hadde med to spelarar som var med for Sogndal sitt førstelag i deira siste kamp og. Dette laget kom på 2. plass i 3.div i fjor, eit poeng bak Stryn som vant. Det seier alt om innsatsen i denne kampen!!!!!

Referat frå kampen finn du og på: www.sogndalfotball.no


No gler me oss berre til fortsetjinga. Neste kamp blir 28/3 mot Dokka Sport.