FK Vang - Dokka Sport: 2-1 (1-1)
Publisert 28/03/2006
Det vart ein spelemessig nedtur i forhold til forrige kamp mot Sogndal II, men resultatet var bra.
Bana på Blåbærmyra var glatt i starten og glattare blei det. Som ein følge av dette oppstod det av og til nokre rare situasjoner. Dokka opna kampen best og hadde ein god sjanse etter eit minutt. FK Vang åpna famlande. Det var tamt og stille, og me gav Dokka for mykje rom mellom forsvaret og midtbana. 2.forsvarer jobben var til tider dårleg og me var upresise i pasningsspelet. Spelet jamna seg fort ut, og litt ut i omgangen tok FK Vang leiinga 1-0 etter scoring av Kai Arne Sandhaugo. Han fekk eit bra framspel av Kjell Magne. Skotet gjekk i stanga og inn. Litt seinare i omgangen utlikna Dokka på ein corner. Her må me nok vere flinkare til å avskjere rommet til spelarar på løp. 1-1 holdt seg ut til pause. Det var ein omgang prega av ein del feilpasningar fra begge lag. Dokka hadde 3 målsjansar mot FK Vang sine 2 i første omgang.
Etter ein "tale" i pausen vart dei tinga me fokuserte på mykje bedre. Me spelte meir som eit lag. Etter kort tid i 2 omgang gjorde me 5 bytter. Alle som kom inn gjorde ein god jobb. Føret gjorde sitt til at det ikkje vart veldig konstruktivt fra nokon av laga. Mot slutten av omgangen scora Jon Terje etter pasning fra Kim. I 2.omgang hadde FK Vang 2 målsjansar mot Dokka sin eine.
Det er ein god og viktig eigenskap og vinne på slike dagar. Keeper Terje stod ein god kamp, men banens beste var nok Ola Magne. Han spela ein svært god kamp, vant mange ballar på midten av kriga heile kampen gjennom.
Det blir ny kamp i morgo mot SAFK jr. kl. 18.00 på Blåbærmyra.
