Safk jr. - FK Vang 2: 0-3 (0-0)
Publisert 30/03/2006
På ei glatt og blaut kunstgrasbane slo me juniorane til SAFK 3-0. Kan med ei gong sei at det var iallefall ikkje eit mål for lite. I løpet av 90 min klarte dei ikkje å skape ei einaste 100 % sjanse. FK Vang skapa 9 gode 100% sjansar og scora på 3 av dei.
Pga forfall måtte me stille me 3 stk som starta kvelden før mot Dokka Sport. I første omgangen tok me relativt greit initiativet i kampen. Det store spelet var det vanskeleg og få til, men me klara likevel og skapa 3-4 store sjansar i løpet av omgangen.Spesielt Tommy, Jon Andre og Lars var positive. Pga av forfall og spelartypar kjørte me 4-5-1 i denne kampen. I 2.omg gjekk det ikkje lang tid før Dude og Jabir kombinerte fint seg imellom, og Jabir scora 1-0. Fullt fortent, og eit skikkeleg klikk-klakk spel. Det var FK Vang som fortsette og produsere sjanser, men keeperen til Safk hadde eit par gode redningar. Godt ut i omgangen var det Jon Ivar som fekk avslutte, Dude fulgte ballen inn i nettet, 2-0. Det siste målet kom ved eit innlegg fra Dude, der Kristoffer, dagens kapitan, heada ballen i nota, utagbart for keeper. 3-0 var veldig, veldig fortent. Trur likevel me må øve meir på avslutningar, sjølv om det ikkje var enkelt på denne bana. Spesielt Vidar, Tommy, Jon Andre og Jon Ivar var bra i 2.omg. Runar, Kristoffer og Dude spela seg og opp i 2. omgang.
Me var brukbare til å skyve, til å halde lagdelane tette og etterkvart, til å fylle på med folk når me sette fart på ball.
Det som ikkje var heilt bra var at me gjorde ting litt vanskeleg innimellom, kunne spela meir med støtte og vore m eir tålmodige med ball(når me fekk rulle ball i bakerste leddet). Etterlyser og større tempo på ballen i midtbaneleddet i denne kampen.
Men alt i alt 3-0 var eit bra resultat som me kan seie oss rimeleg nøgde med.
