Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Siger på Blåbærmyra mot SAFK

Publisert 06/04/2006

Da var ein av årets viktigaste treningskampar unnagjort og vunnet.
Det var ein kamp utan det heilt store spelet. FK Vang spela ikkje opp mot sitt beste, men hadde ein periode fra 15 min i 1.omgang og ut omgangen som var ganske bra.
Det var tydeleg at ein del av spelarane hadde litt "høge skuldre" i starten. Det verka litt nervøst. Safk spela seg til eit par store sjansar tidleg i omgangen. Men etter kvart som me fekk satt laget, tok me meir og meir over, og fra 15 min og ut omgangen syntes eg me var det beste laget. I denne perioda skapa me og 4 målsjansar og, det viktigaste i fotball, SCORA. Scoringa var eit godt langskot av Kai Arne Sandhaugo. Den kom som ein følge av at me var aggressive i midtbaneleddet, og braut oppspelet deira. Jabir sentra til Kai Arne og han plasserte den høgt i målet.
Me hadde før kampen prata om å ha fokus, stenga romma på sidene for å hindre innlegg, ligge tett og vinne 2. baller. Det fungerte veldig bra i denne perioda. Å stenga romma på sidene fungerte bra heile kampen, trur ikkje safk omtrent hadde eit einaste innlegg. Alle sjansane til SAFK kom på dødball, eller at ballen blei slått langt opp frå backane. Der var dei farlege.
Scoringar pregar fotballkampar, slik som her. SAFK måtte ta att eit mål og tok derfor over meir i 2.omgang. Dei spela oss ikkje ut, men skapte 5 gode sjansar i 2. omgang.Me blei slitne framover på bana i 2. omgang og begge spissane måtte ut med krampe. Men me hadde to kjempekontringar som var mm unna mål. Blant anna eit innlegg frå Dude som Kai Arne skaut rett utanfor frå 5-6 meter. Synest Terje stod ein solid kamp, heile backrekka var bra, spesielt Anders (i 1. omgang spesielt) og Gjermund. Jabir og Ola Magne eigde i periodar midtbana og var aggressive og nekta SAFK å spela gjennom midtbana. Dude herja i periodar med både midtbana og backane til SAFK.

Synes ikke, som det står på SAFK sine sider, at SAFK var det klart beste laget. Dei skapa 9 målsjansar mot våres 5.( SAFK hadde 6 cornere mot FK Vang sine 4). Men som sagt, scoringar er med på å prege kampar. Hadde SAFK scora er det me som hadde "pøsa" på med folk og guts framover. Som sagt kom alle sjansane til SAFK på dødballer og lange oppspel med stuss inn i 16-meteren. Ein del av desse dødballane(frisparka) var FRYKTELEG BILLIGE. Det er godt det er nokre veker til seriestart for både spelara og dommerstanden :).

No skal me trene på Tveit 4 gonger i løpet av neste halvanna veka, så skal me ha to treningar på Blåbærmyra, før alvoret starta mandag 24/4, borte mot Lillehammer II.
Håpa det kjem like mange "fans" på Stampesletta som det gjorde på Blåbærmyra.