Tap i seriepremieren
Publisert 26/04/2006
Da var seriedebuten i 4. div unnagjort.
Me møtte eit Lillehammer lag som virka rimelig sterkt. Dei var teknisk veldig bra og var effektive foran mål. Stiller dei like sterkt lag i dei andre kampane sine, trur eg nok dei er ein klar opprykkskandidat. Kva så med FK Vang ?
Me åpna nervøst, famlande og gjorde ein del personlege feil.
Me mangla kommunikasjon, skyving gjekk ikke fort nok og vi var ikke flinke nok til å velge dei rette pasningsalternativa.
Lillehammer scora i løpet av den første halvtimen 3 mål. Ein skulle tru det var 24. desember, da måla var av det lette slaget. FK Vang kom betre med etterkvart og etter ca 40 min scora Jon Terje på ein nydeleg volley fra 16 meter.Pasningen kom fra Kim. Me spela oss til fleire sjansar og tok over spelet. Me hadde 3 kjempesjansar etter dødball.
I 1.omg var det 4-4 i sjanseprotokollen. Det var og 2-2 i corner.
I 2. omg opna FK Vang sterkast og det tok ikkje lang tid før Kai Arne scora. Det kom eit langt framspel fra Anders og Kai Arne la den i hjørnet. Så contra Lillehammar etter ein stor sjanse for oss, og scora. Ei lita stund etterpå fekk me heilt feilaktig annulert eit mål for offside. Synd, der var det 3 motstandere innanfor vår spelar....
Sjansestatistikken i 2. omg var 4-3 til Lillehammer. FK Vang hadde 2 cornere og Lillehammer 0.
Alt i alt ein greitt gjennomført kamp fra 35 min i 1.omg og til ca. 75 min. Spesielt sentral midtbane og spissane spelte bra. Forsvaret spelte ikkje som dei har gjort dei 3 siste treningskampane, der var me lurvete. Det blir bedre neste gong.
Kai Arne Kvale, Jon Terje Rying og Jabir var FK Vang sine beste i dette oppgjeret. Ellers også bra spel av Terje, Tommy og Ola Magne.
Referat frå FF Lillehammer sin side:
www.n3sport.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=426104&CatId=19602
Neste kamp er Mesna heime på Tveit laurdag kl. 15.00
