Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang - Mesna: 29. april

Publisert 30/04/2006

2. seriekamp i 4. divisjon avd.1
Tveit stadion grus kl.15.00

Domar: Terje Johan Stensrud,Kolbu
Asistentdomar: Svenn Olav Fossholt,Hedalen
Asistentdomar: Nils Arne Solberg,Slidre
Observatør: Magnar Bjørnerud,Nordsinni

FK Vang - Mesna: 1-0 (1-0)
Tilskuara: ca.80

3-poenger på heimebane!!

Dei ca. 80-90 tilskodarane fekk sjå ein gruskamp av ganske bra kvalitet.
Pga av underlaget hadde me bestemt oss for å spele med låg risiko bak. FK Vang opna bra og skapte raskt eit par sjansar. Det skulle heller ikkje gå lang tid før scoringa kom. Eit langt framspel fra Tommy havna hjå Kai Arne Kvale, som flikka videre til Jon Terje. Han gjorde ingen feil og keeper var sjanselaus. Resten av omgangen vart relativt jamnspelt, ihvertfall sjansemessig.Mesna spelte og bra, spesielt var dei bra sentralt på midten og bakover. Lett å sjå at ein del av dei har spelt fotball på eit høgare nivå. Synest at FK Vang likevel hadde eit visst grep om midtbana, Jabir og Ola Magne duellerte og slo ballar. Det var ikkje få km dei la bak seg i løpet av kampen.

I 2. omgang tok FK Vang meir over og hadde dei største sjansane. Me fekk etterkvart skikkeleg grep om midtbana og spelte oss fint oppover på bana. Litt upresise i avgjerande trekk medan me var på veg framover gjorde at me ikkje spelte oss fram til enda større sjansar.
Dette var ein typisk lagsiger, men vil likevel framheve Tommy, Terje, Jabir, Jon Terje, Kai Arne og Ola Magne. Synest og Jon Ivar har ein svært god 2.omgang i lag med Gjermund.


Vang fekk 7 cornere mot Mesna sine 2.

Nå blir det trening tysdag og torsdag.
Kamp for 2.laget mot Øystre/Slidre-Rogne på Storefoss kl. 19.30 på onsdag.
Laurdag er det igjen duka for kamp på Tveit. Denne gong mot Dokka Sport.