Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Siger for 2.laget mot Øystre/Slidre-Rogne

Publisert 03/05/2006

Det vart ein grei siger for 2.laget til FK Vang på Storefoss mot Øystre/Slidre-Rogne.
Dette var første treningskampen for 2.laget mot ein divisjonskollega i år. I 1.omg. starta me med eit reint 2.lag. I 2. omg sette me innpå 2 spelarar som hadde spelt sist a-kamp. Kampen gjekk på ei litt lita grusbane, med litt vanskelege forhold langs eine sida. Trass i dette lykkast me med å "spele" fotball. FK Vang prøvde å halde ballen langs bakken og ha stor bevegelse i laget. Dette lykkast me med i store deler av kampen og motstandarane blei nok springande litt i mellom i store deler. Stillinga ved pause var 0-0. I den første omgangen hadde FK Vang 5 gode sjansar, 3 av dei var rett store og.
I starten av 2. omg fekk og Øystre/Slidre-Rogne ein stor sjanse. Denne og eit raskt teke frispark var igrunn det som kom imot av store sjansar. Fra ca 15 minutt og ut i 2.omgang tok FK Vang fullstendig over igjen og scora 5 mål. Nokre av måla burde nok keeperen på andre laget ha teke, men me skapte mange sjansar i 2. omgang som det ikkje vart mål på heller. Spesielt skapa me ein del farligheiter på dødball og på bra trykk og bevegelse i midtbaneleddet som førte til at me kom til innlegg frå kantane.

Alt i alt ein godt gjennomført kamp.

Målscorarar for FK Vang var: Kim, Vidar 2, Tommy og Emanuell

Solid laginnsats men ekstra pluss til Vidar, Hallgrim, Kim og Vegard