Ny tre-poenger etter ein knallomgang!!!
Publisert 07/05/2006
FK Vang tok tre nye poeng på heimebane!!
Domar: Geir Pedersen, Raufoss
Assistentdomar: Dag B Lundhaug
Assistentdomar: Svein E Slåttsveen
FK Vang - Dokka Sport: 3-1 (1-1)
Tilskuera: ca. 130
Det vart tilslutt ein svært fortent siger til FK Vang. På ei litt jamnare bane og med større presisjon i avsluttningane kunne det fort blitt 4-5 mål til. Spesielt med tanke på det som skjedde i 2. omgang, då FK Vang verkeleg spela Dokka Sport trillrundt og skapte den eine sjansen etter den andre.
Før kampen vart me m.a. enige om å vere flinke til å fullføre presset, da Dokka Sport har 2 svært habile spissar. Me sleit litt med å gjennomføre dette i starten av kampen, slik at spesielt Olebakken fekk vende opp og legge pasninger. Dokka Sport tok leiinga på ein corner etter 8 min. Me glapp i markeringen og dei scora enkelt frå 6-7 meter. Etter dette løfta FK Vang seg og me skapa nokre gode sjansar. Etter ca 21 min fekk FK Vang frispark fra 17 meter etter at Kai Arne Kvale vart felt. Den satte Anders forbi muren og i "nota". FK Vang fortsatte å spele fotball, men Dokka Sport var farlege på dødballer. Siste 10 min av 1.omg fekk Dokka Sport ein del innkast, frispark og cornere, noko som gjorde at dei hadde eit visst trykk på oss. Begge lag hadde 3 cornere i 1.omgang.
I pausa gjorde me nokon rokeringar i laget. Og for ein omgang. FK Vang dominerte FULLSTENDIG. Spesielt Jabir briljerte ,og eg synest synd på Dokka spelarane. Han dribla, slo tunnellar, pasningar og gjorde nett som han ville. Det er det desidert beste eg har sett på ei grusbane av ein 4.div spelar. Tenker nok det er ein del som hadde mareritt om han i natt. Litt ut i omgangen kom Anders på skothald og skaut/skrudde ballen forbi ein litt passiv keeper. 2-1 til FK Vang. Assist på denne var Jon Terje.
Ikkje lenger etter scora Anders sitt tredje mål for dagen på eit kjempefriskpark fra ca. 25-30 meter. 3-1 til FK Vang. Me fortsette å spele ball langs bakken og lot sjelden Dokka få komme over midten. Spissane jobba godt. Backrekka tok fullstendig luven av Dokka-spissane i 2.omg og på midten jobba Kim og Jabir som galleislavar. Ekstra + og til Anders for 3 mål. Han vart tatt av bana like etter tredje målet sitt. Hadde han scora fleire hadde han ikkje vorte lett å ha med å gjere for oss andre på laget.
Ein stor takk til spelarane for ein kjempeinnsats, til publikum for uvurderlig støtte og til ambulansepersonell, som fekk øving i "stripsing" :).
Referat på Dokka sine sider: www.dokkasportsklubb.no/2006/060506%20mot%20FKvang.htm
