Ny tre-poengar på Tveit stadion
Publisert 21/05/2006
3. heimekamp 4. div 2006
Tveit stadion
Dommar: Hans Foss
Ass.dommar: Tom E Våtsveen og Bjørn Dag Lundhaug
FK Vang - Sel 4-2 (3-0)
Jabir og Hallgrim vart kåra til FK Vang sine beste spelera.
Laget: Terje, Jånniva, Tommy, Hallgrim, Muhammed, Anders, Dude, Jabir, Kai A S., Jon T, Kai A K.
Reservar: Vidar, Thomas, Emanuell, Christoffer, Vegard, Kim
Gule kort: Jon Ivar (Jånniva)
Det var eit revansjesugent FK Vang som tok i mot Sel i dag. Me ville reise kjerringa etter Follebu-kampen, og revansjere 3-0 tapet mot Sel fra i fjor.
Me bestemte oss for å vere aggressive i alle lagdeler, være flinke til å fylle på med folk i "boksen" og til å presse høgt oppe.
Kampen starta med at FK Vang pressa Sel høgt på bana. Sel måtte da slå langt. FK Vang hadde ballen klart mest og spelte best. Det var likevel Sel som hadde den første målsjansen. Bortsett frå denne hadde dei berre målsjansar på etablert dødball (lange innkast, cornere og frispark), som dei var utruleg dyktige på.
Etter 18 min scora Kai A Sandhaugo etter at keeper hadde gitt 3 returer. Der hadde FK Vang mange spelara innanfor "boksen". Nokre minutt seinare vart Jon Terje dytta innanfor 16-meteren, straffe. Anders sendte keeper i eit hjørne og ballen i det andre, 2-0. Etter ca. 35 minutt vart Jabir felt. Ny straffe. Anders la på til 3-0.
2. omgang var ikkje særleg gammal før Anders gjorde sitt tredje mål for dagen. Denne gong direkte frå corner. 4-0 til FK Vang. Etter dette reduserte Sel to gonger, slik at sluttresultatet blei 4-2 til FK Vang.
Alt i alt ein godt gjennomført kamp av FK Vang, der me klarte å halde fokus på dei oppgåvene me hadde.Jabir var som vanleg konge på midten, spissane jobba og spelte godt. Anders laga 3 nye mål, og bak imponerte spesielt Hallgrim og Muhammed.Tommy var som vanleg.....god.
Sel var eit robust lag med enkelte gode tekniske spelarar. Dei var gode på dødballer, og kjem nok til å være med og kjempe om ein plass blant topp 6.
Neste kamp for FK Vang er borte mot Fron, laurdag 27/5.
Stor takk til dei vel 100 tilskodarane som hadde trossa værgudane for å sjå på vangsgutadn ta 3 nye poeng!!
Referat på Sel sine sider: www.n3sport.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=441719&CatId=344289
