Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

3 poeng mot Fron FK

Publisert 28/05/2006

Årets første bortesiger!!

Fron FK 0- 2 FK Vang

Lag: Terje, Muhammed, Jon I, Tommy, Hallgrim, Anders, Dude, Jabir, Ola Magne, Jon T, Kai Arne Kvale.
Innbyttarar: Kai Arne Sandhaugo, Birger, Osvald, Christoffer, Gjermund.

0-1 10 min Jabir (assist: Dude)
0-2 35 min Dude ( " : Jabir)

Gult kort: Ola Magne + nokre til Fron

Da er den barriera brutt også. 3 høgst fortente poeng i Gudbransdalen. Herlig!!

Svær grasbane, sol og varmt...Alt låg til rette for ei god oppleving.

FK Vang tok kommandoen frå start. Kampen var berre nokre minutt gammal før den første store sjansen til FK Vang kom. Fleire fulgte. Men etter 10 minutt var det klart for 0-1. Eit nydeleg angrep blei rulla opp, og enda til slutt opp hjå Jabir. Han skaut frå 16 meter, i venstre hjørnet til keeper. Me fortsatte å skape sjansar. Etter 35 min var det klart for 0-2. Eit kjempeangrep som starta frå venstre enda til slutt opp hjå Dude, som frå hjørnet av 16 meteren lurte ein spelar, før han sette ballen hardt nede i keeper sitt lengste hjørne. Fron vart springande mykje imellom i denne omgangen og skapte svært lite framfor Terje i FK Vang -målet. Einaste sjansen dei hadde var ein duell inne i 5-meteren. Den blei til slutt avblåsen for dytt i ryggen på ein FK Vang-spelar.
FK Vang hadde 8 store målsjansar i 1.omgang.

Hallgrim fekk føling med ein liten kneskade han hadde, så han gikk ut tidleg i 1.omgang. Gjermund tok over som stopper i lag med Tommy.

I 2.omg sank tempoet ein del. Fron kom meir med i spelet, utan at det vart det heilt store ut av det. FK Vang vant sjansestatistikken 4-2 i 2.omg og, og det seier vel litt om sigeren var fortent? Eg følge me hadde full kontroll, me var meir bevegelege, hadde mykje større tempo på ball og var farlegare når me kom framover.
Fron hadde eit bra midtforsvar og ei bra sentral midtbane. Dommaren var svært god, bortsett frå då han ikkje ga Fron-kapteinen kort for albogebruk. Det er slik vi ikkje vil ha i ein fotball-kamp. Totalt unødvendig.

Oppsummering: Ein greitt gjennomført kamp mot eit lag som var veldig tente på å revansjere seg etter ein svak start. Me hadde full kontroll heile kampen, men me må utnytte sjansane våre bedre. Eg synest Jabir (som vanleg), Dude og Tommy var dei som framheva seg mest på FK Vang i dag. Dude blei kåra til banens beste av spelarane, tett fulgt av Jabir.

Neste kamp for A-laget er laurdag 3.juni mot Eina/Einastrand på Tveit Stadion.