Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Tap mot Nordre Land for 2.laget.

Publisert 31/05/2006

Nordre Land II 3-1 (2-1) FK Vang II

1-0 N-land 7 min
2-0 N-land 40 min
2-1 FK Vang 43 min
3-1 N-land 70 min, straffe

FK Vang tapte bortekampen i 6.divisjon mot Nordre Land II.

FK Vang åpna kampen mildast tala famlande. Ikkje veit eg om det var sjokket over å spele på ein stadion med tribunar som gjorde dette. Spelarane hadde null -0- bevegelse, dei turte ikkje gjere seg spelbare og dei sto og "beundra" feilvalga- og pasningane sine. Dette scenarioet vara i vel 20 min. Da hadde Nordre Land scora 2 gonger. Det var ikkje imponerande forsvarspel ved dei høva.... MEN etter 20 min forandra kampen karakter. Bevegelsen vart betre, pasningane satt og me klarte etterkvart å spele oss ut.Dette førte til at me begynte å skapa sjansar. Jabir først etter ca. 25 min. Målet kom etter ca 43 min. Runar slo ein lang presis ball opp til Vegard, som satte fart og plasserte ballen tilsides for keeper. 2-1, og håpet var tent.....

Etter pause bølga spelet fram og tilbake. Kampen stod og vippa. Begge lag hadde 4-5 store målsjansar. Men etter 70 min. dømte kampens dommar straffe til Nordre Land. Frispark kanskje, men straffe mangla det nok over 1,5 meter på. 3-1 til Nordre Land. Etter dette skapte FK Vang eit par sjansar til, men det ebba ut med 3-1 til Nordre.

Konklusjon: Første 20 min- RÆVA (ikkje særleg fint ord, men det utspant seg stygge scener utpå der...). Resten av kampen var klart godkjent, men me skulle så gjerne ha utnytta sjansane våre enda betre...

Spelarane kåra Vegard til dagens mann hjå FK Vang.
Eg synest at spesielt Lars, Vegard, Endre og Vidar gjorde ein god kamp.

Me får slikke eventuelle sår og lade skikkeleg opp til neste kamp for 2. laget, tysdag 6/6 mot Øystre-Slidre/Rogne på Tveit stadion.