Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Festspel og 3 nye poeng!!!

Publisert 04/06/2006

FK Vang 6-1 Eina/Einastrand (2-0)

1-0 Kai A Kvale 4 min
2-0 Jon T Rying 23 min
3-0 Kai A Kvale 55 min
4-0 Kai A Kvale 60 min
5-0 Jon T Rying 63 min
5-1 Eina/Einastrand ca. 75 min
6-1 Dude Issa 83 min

Dommar: Vebjørn Engeli
Ass.dommar: Dag Engelund, Bjørn D Lundhaug

Tilskodarar: ca.100

4. strake heimesiger i årets 4.divisjon!!!

På trass av litt ujamn bane og tildels kraftig sidevind vart det synt festfotball på Tveit stadion.
Alt etter 4 min låg ballen i nota. Kai A scora etter eit framspel av Anders. Etter 23 min la Jon T på til 2-0, etter ein pasning fra Kai A Kvale. Det vart ikkje fleire mål i 1.omg, men FK Vang spela seg til nokre virkeleg feite sjansar. Bevegelsane var veldig bra og me klarte å flytte etter masse folk når me kom i angrep. Midtbana til Fk Vang jobba og sprang ,og var over Eina-spelarane før dei rakk å sentre videre. På den måten fekk me mange brot og skapte mange sjansar. Det var ikkje mykje Jabir og Ola Magne tapte sentralt på midtbana.

I pausen vart me enige om å fortsette å presse høgt og aggressivt. Når me da vant ballen vart det kortare veg for midtbana for å komme innanfor motstandarens 16-meter. Spelarane jobba virkeleg bra, ballen gjekk hurtig og det var mange fine og fikse kombinasjonar. I løpet av 18 min ut i 2. omg hadde FK Vang netta 3 gonger til. 2 mål av Kai A og eit av Jon T. Anders hadde assist på dei to til KAi A, medan Kai A hadde assist til Jon T. Eina/Einastrand reduserte ca. 15 min før slutt da Maradona bakerst skulle utføre eit teknisk element litt i overkant av eigen ferdigheit :) (Bana var litt humpete :) ). Etter 37 min av 2 omg. heada Dude inn FK Vang sitt 6.mål.

Må og få nemne Jon Ivar sitt stangskot fra langt hald, det hadde fortent ein bedre skjebne. I tillegg hadde Tommy eit hardt skot i tverrliggar og ned på strek, etter å ha dempa ballen på brystet og forsert inn i 16-meteren. Det kunne ha aspirert til årets mål, dersom den hadde lurt seg inn i målet.

Alt i alt ein kjempekamp av FK Vang. Utover i 2.omg herja Jabir, Ola Magne, Dude og Kai A. med Eina/Einastrand, og det vart synt ein del brasilianske takter.

Spelarane kåra Kai A og Dude til FK Vang sine beste spelarar, med Jabir hakk i hæl.
MEN DETTE VAR EIN SKIKKELEG LAGSIGER. Det blir derfor vanskeleg å framheve nokon spesielt. Heile laget spela ein kjempekamp!!!

Eina/Einastrand hadde eit frispark som landa i stolpen tidleg i kampen. Utover dette skapa dei vel ikkje stort meir enn det som dei scora på. Fk Vang hadde 14 store målsjansar i løpet av kampen. Eina/Einastrand vart vel tatt litt på senga trur eg. Ellers var det eit sympatisk og fint lag, med eit bra angrep, god keeper og bra sentral midtbane. Med tap i denne kampen hadde Eina/Einastrand vært a-poeng med FK Vang, så det var ein viktig siger.