Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Siger for 2.laget mot Øystre/Slidre-Rogne

Publisert 08/06/2006

FK Vang 2. 3-0 (3-0) Øystre/Slidre-Rogne

1-0 Emmanuel (straffe)(Vegard vart felt)
2-0 Kim (Lars)
3-0 Emmanuel (Vidar)

Dommar: Svenn Olav Fossholt

Det vart ein litt rotete og ujamn kamp av FK Vang sitt 2.lag.
Me tok ganske tidleg leiinga, då Vegard, etter eit lite dribleraid, vart klart felt innanfor 16-meteren.. Emmanuel satte straffa hardt i mål.
Etter dette tok Øystre over, dog utan å skape dei heilt store sjansane. FK Vang hadde dårleg bevegelse og utruleg dårlig addresse på pasningane sine. Ein liten periode midt i omgangen bedra det seg. I denne perioda laga Kim vårt 2.mål. Det var ei perle; skotet gjekk inn heilt oppe i hjørnet. Spelet bølga deretter litt fram og tilbake igjen. Men så litt før pause, scora Emmanuel på corner. Vidar la ein perfekt ball og det var kø av FK Vang -spelarar for å ekspedere den i mål.

I 2. omgang skjedde det egentleg svært lite foran dei to måla. Emmanuel hadde eit par store sjansar for FK Vang til å auke leiinga. Øystre/Slidre-Rogne hadde og eit par gode sjanser til å redusere.
Totalt hadde FK Vang 8 cornere mot motstandaren sin eine.
Ein fortent siger på ein relativt dårleg dag.
Spelarane kåra Runar til dagens FK Vang-mann. Ellers spela Kim seg godt opp. Det samme gjorde Vidar og Kai Arne.