Siger i toppkampen borte mot Nordre Land
Publisert 10/06/2006
Nordre Land 1-2 (1-1) FK Vang
0-1 3 min Jon Terje Rying
1-1 33 " ?
1-2 54 " Jon Terje Rying
Dommar: Reza Roshan
Ass.dommar: Nils Arne Solberg, Jon Grønbrekk
FK Vang: 4-4-2
Terje, Jon Ivar, Gjermund, Tommy, Muhammed, Anders, Jabir, Ola Magne, Dude, Jon Terje, Kai Arne
Res: Vidar, Kai Arne, Kristoffer, Vegard, Hallgrim, Thomas, Emanuell
I steikande heite trakk FK Vang det lengste strået i kampen på Brovold stadion i ettermiddag. FK Vang opna best og scora alt etter 3 min. Kai Arne la inn til Jon Terje som netta sikkert. Nordre Land kom etterkvart meir med i kampen og hadde ballen mykje dei neste 30 min. Dei skapa og nokre store sjansar.Nordre Land utligna etter 33 min, etter at FK Vang slurva med ei avklaring. FK Vang sleit fra midten og bakover i andre halvpart av 1.omg. Me var ikkje tidleg nok oppe i motstandaren. I tillegg vant me svært få 2.ballar.Nordre Land slo overraskande nok ganske mykje langt i denne kampen.
I pausa prata me om å justera avstanden mellom lagdelane.Dette, saman med at ein del nøkkelspelarar heva seg betrakteleg, førte til at 2.omg vart annleis. Bevegelsen vart mykje bedre, kommunikasjon var bedre og ballen gjekk fint langs bakken. 10 min ut i 2.omg var Jon Terje på farten igjen. Han fikk ein fin ball av Jabir, som han ekspederte fint i mål. 2-1 til FK Vang.
Nordre Land flytta no opp spelarane sine, slik at det vart omtrent mann-mann for den bakre fireren vår. FK Vang tok no over midtbana og styringa av kampen. Nordre Land hadde sine sjansar i 2.omg, men FK Vang hadde fleire. Det var derfor ikkje direkte ufortent med FK Vang -siger , da dommaren blåste av etter 90 min. Laga hadde da hatt kvar sin omgang.
Spelarane kåra Jon Terje Rying til dagens spelar. Jabir, Dude, Terje, Tommy og Ola Magne fekk og mange "stjerner".
Takk til dei tilreisande frå Vang og. De var høyrbare.....
