Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK VANG 2 SLO DOKKA 2

Publisert 11/06/2006

Dokka 2 - FK Vang 2 , Dokka stadion 11. juni kl. 13.00.
Resultat: 2-3 (2-0).
Laget: Tomas, Vidar, Trond, Hallgrim, Osvald, Vegard, Kim, Christoffer, Lars, Runar, Kristoffer. Reserve: Ola Erik. Gult kort til Tomas og Trond.
Denne kampen var moro å vinne! Me kom svært dårleg i gang (godt ikkje hovudtrenaren såg oss då...) og låg tidleg under 2-0. Dokka 2 var gode og skapte mange sjanser, me var heldige som ikkje slapp inn fleire. Så etter kvart får me orden på forsvaret, me byrjar å spele oss framover og skaper nokre halvsjanser. Me kjem svært godt i gang i 2. omgang, skaper mange store sjanser, men til og med knallskotet til Vegard går i stanga. Så får me straffe og reknar med redusering. Men, men.........men så dukkar plutseleg Kim opp og skyt ballen i mål på eit vakkert langskot. Svært viktig scoring. Me prssar på og Dokka 2 har berre ei stor sjanse i 2. men då har Tomas ei dobbeltredning. Bra! Dei to siste måla våre er som tekne ut av læreboka og eg er siker på at Arne Scheie ville fått tårer i augo om han hadde sett det. Vakkert. Målscorarar Ola Erik og Christoffer. Kampen viser at me har god kondisjon, står kampen heilt ut og sjølv om Hallgrim vart kåra til vår bestemann, var dette ein lagseier.