Vind 0 - 5 FK Vang
Publisert 18/06/2006
TOTAL OVERKØYRING!!!
Vind 0 - 5 (0-1) FK Vang
0-1 31 min Anders (straffe-Kai Arne dratt ned)
0-2 58 min Anders
0-3 64 min Dude (Tommy )
0-4 75 min Jon Terje (Dude)
0-5 85 min Kai Arne Kvale (Kim)
Gult kort: Dude + 1 til Vind
Hovuddommar: Steffen Skjelstad (meget bra)
Ass.dommar: Knut O.M. Hansen og Trond A. Jensbak
Sjeldan har me spelt ein kamp der motstandaren til dei grader ikkje har vore på vår banehalvdel. Me vart før kampen enige om at me skulle køyre me høgt press; nekte dei å spele opp.I tillegg fokuserte me på bevegelse med og utan ball og å spele ballen hurtig. Ein del av dette lykkast me med, og noko anna var det so som so med. Det skal og seiast at bana var frykteleg humpete. Egentleg ikkje lett å spele langs bakken her.
Men det var det me gjorde. Me spelte ballen langs bakken, og var over Vind-spelarane når dei fekk ballen. Har ikkje talet på kor ofte me tok fra dei ballen på midten, men det må ha vore ca. 50 - 100 gonger.
Me tok initiativet fra start og spelte oss snøgt til 4 cornere. Ola Magne heada hårfint over på ein av dei. Anders hadde og eit frispark som gjekk via ein motspelar og like utanfor.Jabir og Anders hadde to skudd fra 12 meter som Vind fekk blokkert i siste liten. Me spelte og skapte det som var av sjansar, men ballen ville ikkje i mål. Men så etter 31 min vart Kai Arne dregen ned i feltet. Straffen sette Anders hardt i keeper sitt venstre hjørne. Etter 35 min hadde Dude forsert eit par spelarar og la 45 grader ut til Jabir, som fra 5 meter heada like over.
I pausa snakka me om at det var viktig å fortsette å køyre på i samme tempo som i første omgang. Vind-spelarane verka sletne i slutten av omgangen. 2.omgang fortsette som den første, total FK Vang-dominans. Mange cornere og mange halvsjanser, men det mangla det vesle som skulle til. Så etter 58 min skrudde Anders ein corner rett i mål. 0-2, hærleg!! No blir Vind springande veldig mye imellom. Kai Arne, Anders, Jabir og Jon T. er alle aleine med keeper utan å score i dei neste minuttane.0-3 ; Dude har dribla 3 stk og chipper ballen over keeper, nyyyydeleg. Så bryter Jabir (for 36 gang i løpet av kampen) på midten, sentrer til Dude. Han dribler 3 mann og legger inn til Jon T. , som berre har å sette ballen i tomt mål. 0-4!!!
Rett før slutt puttar Kai A ballen etter eit kjempeløp av Kim.
5-0 er eit godt resultat, men me burde punktert kampen i 1. omgang.... Vind hadde nok ikkje heilt dagen trur e. Dei har mange bra spelarar, men i dag var Jabir og Ola Magne i maratonform på midten og da blir det ikkje lett...
FK Vang spelte , bana tatt i betraktning, ein god kamp, heilt fram til 16metern. Der vart det ofte gjort feil valg. Dette må me nok berre jobbe meir med. Ellers jobba laget svært bra. Enorm innsats!!
Spelararne kåra Dude til bestemann, tett fulgt av Jabir. Ellers utheva Ola Magne , Tommy, Muhammed og Gjermund seg. FK Vang hadde 14 cornere, Vind hadde 3. Noterte 18 målsjanser til FK Vang og 0 til Vind....
Viktig å halde fokus på arbeidsoppgåvene våre framover mot St.hans helga, når me skal møte Søndre Land. Det kjem til å bli ein vanskeleg og hard kamp.
