FK Vang 4-0 Søndre Land
Publisert 29/08/2006
Storsiger til FK Vang mot Søndre Land!!
FK Vang 4-0 (2-0) Søndre Land
1-0 15 min Jabir (Jon Terje)
2-0 25 " Anders
3-0 63 " Jon Terje (Anders)
4-0 78 " Jon Terje (Dude)
Gult kort: Gjermund Berger
Hovuddommar: Geir Pedersen
Ass.dommarar: Jon Grønbrekk og Dag Bjørn Lundhaug
Tilskodarar: ca. 140 (MEGET BRA)
Sola skein, det var varmt og det var ny fotballkamp. Denne gong mot Søndre Land. Me hadde før kampen prata om at dette kom til å bli ein av dei hardaste kampane før ferien. Her gjaldt det å vinne duellane og 2.ballane, samt å presse høgt for å hindre presise oppspel fra backane til Søndre.
Me pressa høgt, men me var altfor dårlege i duellspelet dei første ti minutta. Søndre åpna best og spelte seg fram til eit par cornere. Etter 15 min mottok Jabir ballen frå Jon Terje på ca. 25 meter. Han gjekk innover mot 16-meteren, dribla 3 stk og plasserte ballen i hjørnet. Vakkert!! Etter dette jamna kampen seg ut. FK Vang kom betre ut av det i duellane og me vant fleire 2.ballar. Etter kvart som omgangen skreid fram tok FK Vang meir og meir over. Søndre var bra fra midten og fram til 16-meteren. Forsvaret vårt hadde tildels bra kontroll derifra. Søndre fekk 3-4 frispark fra farleg posisjon, men dei utnytta dei ikkje godt nok. Etter 25 min var det FK VAng som gjekk opp til 2-0. Anders "lompa" inn eit skot med høgrefoten fra 13,34 meter.
2. omgang opna som første. Søndre vann duellane. 18 minutt ut i 2.omgang scora Jon Terje på eit nydeleg framspel fra Anders. 3-0 til FK Vang. Herifrå og ut tok FK Vang fullstendig over kampen. Duellane vant me og 2.ballane plukka me. Bevegelsane satt betre og no skapte me fleire kjempesjansar. Etter at Dude (for n`te gang ) hadde lurt 3 søndre-spelarar, la han inn til Jon Terje som berre kunne putte inn sitt 2.for dagen. 4-0 til FK Vang.
Scoringane kom som følge av gode prestasjonar, men det som skapa mest jubel var ein "samarbeids-sekvens" mellom Dude og Jabir i 2.omgang. Slik er det ikkje ofte han ser i lågare divisjonar. FLOTT!!
Konklusjon: Meget gledeleg med 3 poeng. Me stod på og visste nok ein gong at me kjem sterkt i 2.omgang. Me er flinke til å fylle på med folk innanfor 16-meteren, og me skapar mange sjansar. Me vant sjansestatistikken 13-6 i dag. Og som ein liten kuriositet; så ligg me faktisk på toppen av tabellen. MORO ! Me får suge på denne karamellen nokre dagar (fram til neste trening) , og så blir det alvor att.
Spelararne kåra Dude til FK Vangs klart beste spelar. Tommy, Jabir, Ola Magne og Jon Terje fekk og mange "stjerner".
I tillegg til desse spelarane så synest eg Gjermund og Jon Ivar og gjorde det sterkt. Men igjen, dette var ein lagsiger.
Siste kamp før ferien blir borte mot Snertingdal.
2-laget spelar mot Etnedal på Mosletta sundag 25/6.
